Essay

Gamalt or Setesdal

Synet på Setesdal som eit avstengt og kulturkonservativt område av Noreg er vanleg. Også i dag.

Publisert

At dalføret er eit av dei mange i Telemark, er også det gjengse, lyt ein seie. Telemark har mange dalar. I aust som i vest, på kryss som på tvers. Eg høyrde i radioen nokon seie at grunnen til at biletkunstnarar var så dregne mot Vest-Telemark, var at stroket ikkje vart heilt ferdig frå skaparens hand, og difor låg til rette for at kunstnaren kunne modifisere i personleg lei, ferdigstille på lerretet, stutt sagt. Det kan vere noko i det.

«I Setesdal er det berre éin dal. Han heiter Setesdal. Nedetter dalen renn berre éi å, ho heiter Otra, kanskje etter han i segna om Sigurd Fåvnesbane som heitte Oter. I den øvre delen av elva finst berre éin slags fisk, og det er aure. Som dalen med dei mest genuine folkedanstradisjonar finst her berre den todelte/tredelte dansen setesdalsgangar. Endeleg finst det berre éin slag vin, og det er brennevin.» Slik underheld eg turistane.

«Ja, men æ de ikkje noko sære der i Sætisdal», prøvde Astrid Versto seg mot far min, Torleiv H. Bjørgum.

«Å jo, men det kjæme så an på koss me æ på lag», var pareringa i det direktesende TV-programmet frå Landskappleiken i Bø i 1988.

Trugne

Dei gamle var trugne som jordi og heldt på det gamle. Anna var nauteskap. Det framande stod seg ikkje. Det fekk ingen grobotn her. «Det veit ingen om lykka gjeng føre hell’ etter», var det ein som sa då han sakka etter med krøterflokken sin på heievegen. «Grauten svik ingen», var kosthaldsrådet. «Eg kan like godt føde tjoven, som du fø’r låsesmeden», sa Kjetil Kyrvestad.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement