Eit nynorsk mekka
Heimtraktene til diktaren Olav Nygard hyser talrike minnesmerke som vitnar om eldhug for målsaka i tidlegare tider. Er nynorsken mogeleg utan glød?
Illustrasjon: Björk Bjarkadottir
Det «geografiske» språket
Ivar Aasen hadde 2794 reisedagar; nynorsk er grunnleggjande sett eit skriftmål tufta på reiser og ferdaminne. Ergo: Vil du tenkja over nynorsken, må du truleg skriva geografisk.
Morten Søberg skriv to reiseessay om den nynorske skriftkulturen.
I førre nummer: om elvar og vatn i Jotunheimen.
I dette nummeret: om eldhug i Modalen og Eksingedalen.

Eg skal til Modalen og Eksingedalen i Hordaland. Kvifor? Av di eg ser føre meg dei dalføra som eit slags utgangspunkt for den nynorske skriftkulturen. Og målsaka. Dette vil eg skriva om, mest sannsynleg på eit anna vis enn om eg ikkje fór.
Eg køyrer nordetter E39 frå Bergen, over bruer og øyar, før eg tek til høgre der fylkesveg 569 byrjar. Men vegen inn mot kommunesenteret Mo er stengd på grunn av ras. Dimed lyt eg snu, fara attende og køyra austetter E16 til den motsette enden av 569, dinest framom Eksingedalen og ned gjennom ein tunnel frå 1976, og betre seint enn aldri: Eg parkerer på Mo, eit steinkast unna fjorden, og ser meg ikring. Ei kyrkje, eit heradshus, ei lita husklyngje. Ein Coop-butikk. Hotellet Mobryggja langsetter kaia. Den kommunale bygningen Bryggjeslottet rommar folkeboksamling, bowlingbane, idretts- og symjehall. Det er det. Over meg kjem ei særsynt kjensle av periferi, utkant, det marginale.
Etter svartedauden var det i fleire hundre år folketomt i Modalen. Det bur ikkje mange sjeler her i dag heller, snautt 400 menneske. Om lag 70 av dei er skuleborn. Ingen ålment kjende politiske parti står på val i Modalen, berre Samlingslista og Solrenningslista. Solrenning (soloppgang) er òg grunnen til at eg er komen hit: Alt i 1890 gjorde dei landsmålet til opplæringsmål i skulane i Modalen og (delar av) Eksingedalen. Det same skjedde same året i Bygland i Setesdalen. Her byrjar forteljinga om nynorsk som skulemål. Der og då byrja den nynorske framgangstida. Ho varte til vendepunktet i 1944. Fram til då segla nynorsken i medvind, breidde seg som ei bylgje. På det meste hadde kvart tredje barn nynorsk opplæringsmål i skulen. I dei fyrste tiåra etter krigen gjekk målsaka på eit undervasskjer av folkeleg motvilje mange stader. I dag har berre 12 prosent av borna i grunnskulen nynorsk hovudmål. Geografisk liknar utbreiinga til det nynorske skriftmålet no om dagen på oppslutninga om Kristeleg Folkeparti: langt på veg eit vestlandsfenomen.
Inne på matbutikken andsynes heradshuset sel dei òg nokre bøker, mellom anna mursteinen Bygdebok for Modalen herad: Mo sokn og Eksingedalen sokn. Eg blar i henne, ser eit fotografi av Nils Lavik. Ved stortingsvalet i 1933 vart han den fyrste stortingsrepresentanten for KrF. Frårekna krigsåra sat han på tinget til 1956. «På Stortinget var han særleg ein god talsmann for dei som budde i avsidesliggjande strok.» Eg les om lærarar og målsak, også om morfaren til Olav Nygard, læraren Anders Florvåg (1820–1901). I bygdesoga står det at då Florvåg var på lærarskulen Stord seminarium, kom han «på eit eller anna vis» i kontakt med Ivar Aasen. Og då songane til Aasen kom ut, «var Florvågen ein av dei fyrste som tok dei i bruk i skulen. Han var oppglødd for Aasen sitt arbeid med målreisinga».
Eg set boka attende og kjøper i staden med meg Dikt i samling av Nygard, utgjeven av Norsk Bokreidingslag i Bergen i 2004. Boka inneheld åtte sider med ordtydingar, altså forklaringar på ord som forlaget «reknar med kan valda vanskar». Alt i alt er det tale om over 300 ord. Eg ser at dei er norske, men stort sett framande. Ag tyder ikkje ’sylv’, men ’uro i sjøen’. Nygard nytta ordet aarfall for ’år’. Med solgydje meinte han ’solgudinne’. Ordet veband kjenner eg frå før: ’gjerde rundt heilagdomen’.
Eg er på ei nynorsk pilegrimsferd. Olav Nygard vart fødd i 1884 i Modalen. Med andre ord må han ha vore mellom dei fyrste borna i landet som tok til å lesa og skriva, tenkja og dikta på den nye norsken. Nygard var ein tilfeldig «pioner» – som framleis vert hugsa. Jamsides heradshuset ser eg ein minnestein over han. Steinen er gjerda inn på kvadratisk vis. Mellom fire hjørnesteinar heng det slake kjettingar. Midt på sjølve bautaen: eit portrett av diktaren, laga i kopar. Han ser eldre ut enn han var då han døydde i 1924, mindre nordisk enn på ymse målarstykke òg. Andre minnesteinar er reiste framføre kyrkja – tre bautaer på rekkje og rad. På ein av dei, til minne om læraren og målmannen Knut Lillejord (1851–99), står det skrive at «Bygdi sette steinen». Alt dette – namn og årstal og einstaka sentensar skrivne i stein – er brotstykke av soga om den nynorske skriftkulturen. Overflatisk, ytleg skrift. Eg skriv alt saman ned som om eg skriv loggbok.
Kva er nynorsken eigenleg? Det nynorske skriftmålet er signert Ivar Aasen. Mellom linene er nynorsken – grammatikk, ordbok, verbal stil – eit framhald av granskingsferdene hans. Til saman reiste han over 28.000 kilometer, av dei nesten 16.000 kilometer til sjøs, med båt, langsetter kysten, innetter fjordar, over vatn. Desse reisene gjer det mogleg å skriva nynorsk. Det mest nynorske verbet bøyer du truleg slik: å fara – skriv – fór – har skrive.
Vegen oppetter Modalen er vegen vidare, langsetter elva. Eit stykke opp fer eg framom Noregs høgaste laksetrapp. Ho vart bygd med betongkummar og glasfiberrøyr, er 34 meter høg og er meint å hjelpa villaksen med å koma seg opp stryka. Etter ein halvtimes tid, langt utanfor allfarveg, dei siste fire–fem kilometrane på ein grusveg, kjem eg fram, opp og inn til grenda Krossen. Nokre småe fjellgardar kring eit vatn. Ein del hytter. Framføre den kvitmåla barndomsheimen til Olav Nygard står det endå eit minnesmerke. Det ser føreseggjort ut: oppå ei slags plate ein rund naturstein med namn og årstal, under plata eit firkanta murverk med tilhogde steinar. Og grått på kvitt, innskrifta «Då var draumtida fullflødd og sprengde seg os».
Kanskje gjeld det òg det nynorske skriftmålet i si tid? Eit anna spørsmål er kvifor nynorsken så tidleg sprengde seg os i avsidesliggjande elvedalar som Modalen og Eksingedalen. Alt kan ikkje gjerast greie for. Det vert sagt at Olav Nygard ein dag kom attende til Krossen etter å ha vore inne i fjellet. Då fortalde han syster si, Anna, at han hadde sett «to soler som dansa på himmelen». Eit ekstatisk, underleg lys.
I eit radioføredrag 20. februar 1953 omtala Claes Gill Nygard som «en av verdenslitteraturens store lyrikere». På jolaftan 1923 skreiv Arne Garborg til Nygard at Ved vebande, den siste diktsamlinga, «er eit meisterverk». I etterordet til dei samla dikta hans les eg at Nygard meir og meir nytta den italienske strofeforma ottava rime, ei særskild åtteradsstrofe med rimstillinga abababcc. Vinje skreiv såleis då han atter såg slike fjell og dalar. I Ved vebande er 17 av 21 dikt i denne forma, like eins 12 av dei 13 etterleivde dikta til Nygard. Eitt døme er «Til ein ven paa Italiaferd» – skrive til diktarfelagen Tore Ørjasæter. Dei to skulle eigenleg fara i lag, det hadde vorte fyrste utanlandsferda, i staden døydde Nygard av lungetæring.
Enden av Italia-diktet hans peikar òg fram mot siste reis:
Ja sveipe sjæla inn i avdalsdraumar
der freden under blaae skuggar bur,
der svanesongen stig fraa logne straumar,
der tida, ofsesprengd, lik bekk i urd
kverv burt, og æva styrer alle taumar
og blundande paa lagnadshjule snur:
der blide englar utferdsporten sprengjer
og ber meg burt paa vemod-svale vengjer.
I same diktet skriv Nygard om allheimsharpetonar. Andre stader: om trollfelelåt, om «bogedrag paa sylvvavd streng», om bjøller, om klang, om slåttar, salmar og song: bekkjesong, lerkesong, lovsong. Ei skriftleg form for nynorsk musikk. Eksingedølen Johannes Lavik er inne på det musikalske mot slutten av minneordet sitt om Nygard: «Det er sagt at dei er sæle som fær døy unge. Det kann ein segja um Olav Nygard, fjellguten, den sjølvlærde, berre diktar – at han vaks i avskilstundi, hans kvæde, liv og lagnad ligg som ein tone i lufti etter han er burtfaren – og den vil tona lenge.»
Vi veit at dei farlegaste tonane i bokheimen er sirenesongen i Odyssevskvædet av Homer, ein av grunnsteinane under den europeiske kulturen. Den klingande songen til sirenene var forførande, lokkande, storfelt – men òg dødeleg. Attmed dei «haugevis rundt um i sanden morknande mannabein ligg der med skrókknande skinn um», som det står skrive i omsetjinga til Garborg. Odyssevs kunne berre røyna sirenesongen fastbunden til masta, medan sjømennene hans hadde honningvoks i øyro, slik at ingen av dei skulle gå til songen.
Har den nynorske skriftkulturen til tider arta seg som ein slags sirenesong? Som noko overveldande? Som den fremste saka – ein raud tråd gjennom livet til dei bergtekne? Det er lett å tenkja i slike baner når eg skriv om nett Johannes Lavik. Og Eksingedalen. Den eldgamle ferdselsvegen dit frå Modalen førte fram til bygda Flatekvål, nesten to mil opp frå Eidslandet og fjorden. Der budde Olav Nygard ei tid som vaksen, der lagar Eksingedalselva (Ekso) den 17 meter høge Flatekvålsfossen, dit kjem eg køyrande og parkerer ved kyrkja. Så sanneleg: endå ei minnestøtte rett framføre kyrkjedøra. Denne er det Kristeleg Folkeparti som har reist for å «æra og takka» den fyrste tingmannen sin, Nils Lavik (1884–1966). På minnesteinen er han skildra med fire namnord: bonde, lekpreikar, bibelskulestyrar og stortingsrepresentant. Inne på kyrkjegarden ligg far hans, Andres: tingmann, bonde og kyrkjebyggjar. Og ordførar, får eg leggja til: den fyrste – då Modalen vart eit eige herad i 1910, då Mo sokn og Eksingedalen sokn vart skilde ut frå det som den gongen var Hosanger kommune.
Nokre kilometer lenger opp i dalen, på Lavik, parkerer eg bilen utanfor samyrkelaget. På eit berg til venstre for vegen, andsynes butikken, kjem eg over noko som liknar på ei varig veggavis med overskrifta «Soga om eit syskenlag frå Lavik». Attåt fotografi og omtale – kvitt på svart – av fem brør og ei syster ordna etter fødselsår. Om Andres – eldstemann – står det at han «var ivrig målmann og ein av initiativtakarane til framlegget om diktarløn til Arne Garborg». Systera Maria var «oppteken av målsak og feminisme», medan storebror hennar, Andreas, med a, tingmann, han òg, i 1890 røysta for å gje kvinner røysterett. Om Dore Lavik, skodespelaren i syskenflokken, får eg vita at han mellom anna var «sambuar med Marie Andersen (som etterpå gifte seg med Knut Hamsun)». Men det er Johannes Lavik eg merkar meg ved: «filolog, bladmann og nynorskforkjempar».
Lavik studerte gresk både i Noreg og Minnesota – med skinande karakterar. Det var han som gjorde framlegg om å skipa Noregs Mållag i 1906. To år tidlegare stod han attom nynorskbladet Gula Tidend – både ideen, namnet og bladstyringa (fram til 1919). I eit festskrift til avisa står Lavik omtala som ein mann i kursiv. Gula Tidend var òg eit forlag. Den fyrste boka som avisa gav ut, var fyrste akta or Kaupmannen i Venezia av William Shakespeare («i norsk umskrift»). Dei mest kjende utgjevingane deira er likevel dei to diktsamlingane – eller «samnadene» – til Nygard i 1914 og 1915, høvesvis «Runemaal» og «Kvæde». Lavik må ha vore ein slags fødselshjelpar her. Ein klårsynt ein: «Alt som Olav Nygard røyvde ved vart poesi», skreiv han i det nemnde minneordet sitt.
Inne på samyrkelaget spør eg jenta ved kasseapparatet om Lavik-syskena. Utanfor peikar ho ut garden dei kom ifrå. Han er framleis i drift – gjennom kvardagane. Bautaene, gravene, innskriftene eg har sett i Modalen og Eksingedalen, vitnar om eit motstykke i tid: ein episode særmerkt av ei nynorsk tidsånd. Det ligg i dagen at brennhug og glød for målsaka ikkje varer i all æve. Jamvel sirenesong stilnar. Den nynorske normaliteten i desse dalføra i dag er kan henda ein slags atterljom av han. Samstundes er det vanskeleg å sjå føre seg det nynorske skriftmålet som bruksmål nokon stad utan nokon som liknar på føregangsmennene i desse vestlandske dalføra. Og den nynorske diktinga, særskilt den tonesette. Desse setningane: Eg ser dei i bakspegelen når eg vrid om nykelen, bøkene i setet attmed meg, fer austetter, heim att, framover i tid; – for å skriva om språket eg skriv på.
Kva var nynorsken opphaveleg? Ivar Aasen lånte og las Odyssevskvædet då han var 29 år gamal, før han tok til med granskingsferdene sine. På tampen av ferdalivet sitt fekk han verket til odel og eige (i ei dansk omsetjing frå 1865). Men reisene til Aasen var meir ei målpolitisk oppdagingsferd enn ei eventyrleg og farefull sjøreise. Kanskje grensa det oppdaga nynorske skriftmålet mest til eit språkleg og litterært Vinland, eit Newfoundland. Ein skriftstad i lys?
Morten Søberg
Morten Søberg er direktør
for samfunnskontakt i SpareBank 1.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Har den nynorske skriftkulturen til tider arta seg som ein slags sirenesong? Som noko overveldande? Som den fremste saka – ein raud tråd gjennom livet til dei bergtekne?
Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø