JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

Eit essay om sjakk og islendingar

I Reykjavik i 1972 vart amerikanaren Bobby Fischer verdsmeister i sjakk. På sjakkbrettet kan bønder forvandla seg til offiserar og dronningar; Fischer sjølv skapte seg om til islending.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjon: Björk Bjarkadottir

Illustrasjon: Björk Bjarkadottir

12977
20201023

Ferdaminne frå Island

Island er skriftkulturens vogge i nord. Og i vår tid uløyseleg knytt til sjakk, til verdsmeisterskapen i 1972 og det amerikanske sjakkgeniet Bobby Fischer.

Morten Søberg skriv to essay om Sagaøya.

I dette nummeret: om korleis Fischer vart islending og til sist fann fred.

I neste nummer: om handskriftene frå den litterære stordomstida.

Lytt til artikkelen:

Bruktbokhandelen Bókin ligg på hjørnet der Hverfisgata og Klapparstigur møtest midt i Reykjavik. Eit sjakkbrett står oppstilt mellom ein raud og ein grøn stol rett innanfor eit av butikkvindaugo. Bobby Fischer pla sitja her ofte, tidvis dagleg, etter at han busette seg på Island i 2005. Hit kom Fischer for å lesa og kan henda berre vera.

Eg har ein avtale med han som eig og driv antikvariatet, eg er tabloid nyfiken, eg får vita at Fischer stundom hjelpte dottera til bokhandlaren når ho spelte sjakk med vener, men at den gamle verdsmeisteren aldri spelte sjølv.

Bókin er elles surrealistisk innreidd. Eg ser bilete av Fidel Castro og ein ung prins Harald, av Martin Luther og ei naken Marilyn Monroe. Ned frå taket heng ein diger collage med elleve Stalin-fotografi. Eit liknande kunstprosjekt der Hitler var midtpunktet, er for lengst teke ned. Bokhyllene er fulle, og kringom i lokalet ligg det bøker i haugar. Dei aller fleste er skrivne på islandsk.

Bokhandlaren og eg samtalar på eit slag skandinavisk. Eg fylgjer med han ned i kjellaren. Her òg er det orden i kaoset. Bokhandlaren finn fram eit føredrag som den islandske ambassadøren til USA, Thor Thors, heldt i 1944. Han gjorde då kjent at namnet på landet, Island, er misvisande, og at 70 prosent av islendingane har norske røter.

Eg kjøper med meg ei reiseskildring frå 1894 med tittelen Markeder for islandske Produkter i forskjellige Lande. Prisen er stiv, men i tillegg til tal og tekstar om salta laks og sild, rogn og tran, klippfisk og tørrfisk, symjeblærer og sauekjøt, ull, dun og ymse skinn er det eit kortfatta kapittel i ferdarapporten om utførsle av islandshestar som eg, når eg kikar gjennom boka, synest er... vakkert.

Bókin er alt anna enn A4. Sameleis med Fischer. Han vart ein amerikanar som ynskte USA dit peparen gror; han var ein mann med jødisk mor som meir og meir manisk såg jødar på «høglys dag» og skulda dei for alt vondt i tilværet. Pengane sine hadde han på konto i Sveits, men sjølv rak han fredlaust land og strand rundt år etter år.

Særskilt etter 1992: Grunnen var at han 20 år etter verdsmeisterskapen i 1972 på nytt møtte Boris Spasskij til dyst, no i (Rest-)Jugoslavia. Såleis fekk Fischer amerikanske styresmakter på nakken av di alt samkvem med Serbia og Montenegro på den tida var bannlyst etter ordre frå president George Bush den eldre, jamfør såkalla Executive Order 12810.

Til slutt, i 2004, hamna Fischer i fengsel i Japan. Gjennom ni månader lét han hår og skjegg gro til han i mars 2005 atter landa på islandsk jord. Han såg då ut som ein villmann med dårlege tenner og hovudet fullt av mentale problem. Rett før hadde Alltinget gjort vedtak om å gjera islending av han.

Korleis var det forresten med nordmennene som kom hit fyrst? Eg tenkjer at Island for dei òg var ein fristad dei fór til fordi dei på ymist vis hadde stilt seg i ein vanskeleg posisjon, for å seia det slik. Det står skrive i kjeldene at Ingolv Ørnsson og fosterbror hans, Hjørleiv Rodmarsson, i 874 laut fly Noreg etter å ha drepe to av sønene til Atle jarl i Gaular.

Midt i Reykjavik, nokre steinkast austanfor Alltinget, ser eg ein statue som vart reist i 1907 til minne om nemnde Ingolv, eller Ingólfur, som islendingane kallar han. Han kryssa venteleg Rubicon på sitt vis då han kom hit og innleidde det norske landnåmet. Statuen er norrøn kitsch; konvensjonell: Ingolv er framstilt i lag med Odin og ramnane Hugin og Munin.

Det er den forklarande skrifta om denne fyrste islendingen som forundrar meg. Der er Ingólfur omtala som nybyggjar – men det står ingen ting om kvar han kom frå. Tida har viska ut alle spor etter bakgrunn og opphav. Eller nokon her har hugsa å avgjera at dette skal gløymast.

Sagaen om Fischer-forvandlinga er ei anna sak. Det heile byrja med at nokre islendingar tala saman og lodda landskapet. Så vart det private initiativet til politikk. Du finn opprit frå sakførehavinga på www.althingi.is. Søk etter namnet Robert James Fischer, avgrens søket til sesjonen 2004­–2005. Då vil du sjå at tingmennene byrja handsama lovframlegget om å gje statsborgarskap til Fischer måndag 21. mars kl. 16:51:57. Bjarni Benediktsson – seinare både stats- og finansminister – gjorde stutt greie for saka: Fischer hadde søkt Alltinget om islandsk statsborgarskap i eit brev dagsett 24. januar.

Ålmennemnda i Alltinget handsama førespurnaden fyrste gongen tre dagar seinare og tilrådde no samrøystes å venda tommelen opp. Ein talar til melde seg: Össur Skarphédinsson, etter kvart utanriksminister. Han takka nemnda for godt handverk, og uttala dinest at «eg trur at Bobby Fischer har skrive seg inn i sjakkhistoria på Island på ein slik måte at det er eit særskilt samband mellom han og det islandske folket». Ingen andre bad om ordet.

Alt klokka 17:04 hadde Alltinget røysta over lovframlegget tre gonger. Til sist var 40 tingmenn for, 2 røysta blankt, medan 21 tingmenn var fråverande. Lova tok «straks» til å gjelda. Tre dagar etter vedtaket landa Fischer på Keflavik som islandsk statsborgar for resten av livet.

På ein middag i Reykjavik møter eg ein journalist h.v. som var til stades på pressekonferansen på flyplassen den dagen. Ho seier at Fischer mest tala i tunger og då òg snakka om jødar som slangar. Det er kan henda litt ironisk i denne samanhengen at det var Henry Kissinger som slo på tråden frå Det kvite huset og oppmoda Fischer til å reisa til Island og spela VM-kampen i sjakk i 1972 – etter at Fischer hadde slått seg vrang og fyrst nekta å forlata USA.

Så kom han, såg og vann. Verds­meisterskapen stadfeste den særeigne genialiteten til Fisher. 29 år gamal vart han så å seia konge i sjakk. Den tittelen forsvarte han aldri. I staden fekk Fischer stadig meir enn nok med seg sjølv. Men denne jødiske amerikanaren har i dag truleg avløyst Snorre som den mest namngjetne islendingen som har levd; ein noko surrealistisk rokade.

I Reykjavik leiger eg ein bil og tek til å sjå meg ikring utanfor bygrensa. Éin kveld køyrer eg framom eit fengsel med dei verste brotsmennene på øya, mordarar og det som verre er. Éin ettermiddag et eg sjøkreps på eit rustikt vertshus attmed eit ferjeleie der båtane til Vestmannøyane pla gå til og koma frå.

Éin morgon fer eg til småbyen Selfoss, om lag 60 kilometer søraust for hovudstaden. I sentrum held Bobby Fischer-senteret hus. Dit kjem det flest russarar på vitjing. Somme skandinavar òg, ender og gong amerikanarar. Senteret fyller andre høgda i ein bygning med kvite vegger og raudt tak.

Det fyrste eg ser i trappa på veg opp, er eit drusteleg bilete av ein springar. Hesten er det dei kallar ei Lewis-brikke, ei av dei hugtakande sjakkbrikkene som vart funne på øya Lewis på Hebridane (Suderøyane!) i 1831. Etter alle solemerke vart brikkene laga i Trondheim på 1200-talet, men inne på Fischer-senteret sel dei ei bok som sjølvsagt hevdar dei ættar frå Island.

I staden kjøper eg boka Bobby Fischer comes home, som den islandske stormeisteren Helgi Olafsson har skrive. Han kjem frå Vestmannøyane, og han skriv fyrst om korleis den tidlegare landsmannen min, Ingolv Ørnsson, kom til desse øyane og skulle hemna seg på dei irske trælane som den fyrste våren etter landnåmet hadde drepe Hjørleiv Rodmarsson og alle dei frie norske mennene hans.

Holmgangen til Fischer og Spasskij i Reykjavik var òg miskunnlaus og har etter alt å døma vorte ståande som segnliknande sidan han vart eit kapittel i soga om den kalde krigen: USA mot Sovjetsamveldet, ein vestleg individualist mot det sovjetiske sjakkindustrielle komplekset.

Den raude tråden gjennom Fischer-senteret er sjakk-VM i Reykjavik i 1972: fotografi, film på repeat på ein fjernsynsskjerm, framsider av aviser og tidsskrift, plakatar, hummar og kanari. Medan eg er der, har eg heile tida ein ihuga islending med heilskjegg i hælane. Han spør med ujamne mellomrom om eg har spørsmål til det eg ser, og til slutt lurer eg på om han kan seia noko meiningsfylt om Fischer random – sjakkreglane som Fischer gjorde framlegg om av di han ville gjera sjakkspelet meir kreativt, mindre bunde til minne og pugging av sjakkopningar.

Denne nyvinninga var ein kjepphest for Fischer. Offiserane på brettet skulle setjast ut på måfå. Matematisk er det då tale om 960 alternative, moglege opningsstillingar. Slike spelereglar er som skapte for sjakk-kunstnarar. Det var slik sjakk Fischer ein dag spelte mot Olafsson: «Det kjendest mest som vanleg sjakk var for einfelt for han», skriv Olafsson i minneboka si. «Det viktigaste var at han såg ut til å vera lukkeleg når han spelte, som om han endeleg kunne tala morsmålet sitt att.»

Sjakkreglar er lover som gjeld på eit avgrensa, kvadratisk område. Dei seier i klårtekst kva sjakkbrikkene kan og ikkje kan gjera; kva dei har lov til. Kor «progressive» er desse lovene? Dei opnar i alle høve for oppdrift, sosial mobilitet, radikale transformasjonar. Dersom ein fotsoldat kjem seg heilskinna gjennom striden, over brettet, kan han stiga i gradene og verta offiser. Ein person kan forvandlast til hest, til ein springar.

Det hender rett nok sjeldan; dei fleste bøndene ynskjer å verta dronningar om dei får sjansen til å forvandla seg. Og der går grensa: Lovene gjer klårt at i sjakk er kongen «heilag» og høgt heva over alle andre brikker. Røyndomen er einskilde stader annleis, særleg på Island: Utanfor Alltinget ser eg sjølve motstandsretten bokstavleg tala skriven i stein på eit kunstverk kalla «Svarta keilan». Det er tale om ein lovleg rett for alt folk til å gjera opprør dersom kongen – styresmaktene – ikkje held seg til lovene.

Det er ein spanjol som står attom steinskulpturen, og han siterer ei islandsk kunngjering av motstandsretten dagsett 1793. Mellom linene refererer han, for alt eg veit utan å vita det, eigenleg til Frostatingslova. Ho er det skriftlege utgangspunktet. Der var sivil ulydnad lovfest, like eins opninga for å drepa kongen om han braut lovene landet var bygt på. Snakk om lov!

Islandshestane har òg eit norsk, norrønt opphav, sjølvsagt. Fjordhestar kryssa med ponnirasar frå Shetland (Hjaltland ...) og Orknøyane. Langsetter vegen ser eg desse firføtte islendingane her og kvar. Dei er fargerike, dei ovrar seg i eit vell av fargesamansetnader. Mest sjelefred får eg av hestar i regn; kvilande hestekrefter – ei levande form for latent energi som tidvis går i eitt med det skiftande landskapet.

Samstundes ei kjelde til utanlandsk valuta, eit pund islendingane har forvalta gjennom lange tider: I reiseskildringa frå 1894 les eg at det på den tida i fyrste rekkje var britane som ville kjøpa islandshestar. Då vart dei sende med eimbåt til England og Skottland, særleg til Newcastle, Liverpool og Leith. Brokete og kvite hestar var islendingane åtvara mot å senda. Dei fleste hestane skulle brukast som stoiske trekkdyr i kolgruvene.

Annleis med London: Der var det tidleg i 1890-åra ein stor marknad for luksushestar frå Island, for ridehestar for born og jamvel aukande etterspurnad «fordi der er kommet i Mode et nyt Sportsspil, hvortil de skal anvendes (polo ponies)». Denne setninga var eit frampeik. Islandshestar flest er ikkje lenger arbeidshestar. Dei minner meir om springarar i sjakkspel, med andre ord ein fritidssyssel for flestalle. Men for Fischer: eitkvart anna, ei livsoppgåve, meir alvor enn leik og til sist for mykje av gode.

I utkanten av Selfoss finn eg fram til Laugardælir kyrkje, bygd så seint som i 1965. Den kvite kyrkja ligg vegg i vegg med ein gard. Der driv dei med hestar no. Nokre av dei ser eg i ei innhegning til venstre for kyrkjegarden. Tre fagre kvinner ikledde islendarar står og talar seg imellom mellom meg og hestane. Dei seier at det kjem ferdafolk – sekulære pilegrimar – hit jamt og trutt. Eg spør kvifor Fischer ligg nett her, ei av dei svarer smilande «kvifor ikkje?». Sei det.

Eg seier at eg i og for seg kunne tenkt meg å ha lege her sjølv ein vakker dag: Eg kjenner på ei djupt venleg ro. Grå himmel. Ein svak lyd av vind. Eg får peika ut gravsteinen. Han står for seg sjølv – i einsam majestet? Ein kross, namnet Robert James Fischer er rita inn og kort og godt «F. 9. MARS 1943 D. 17. JANÚAR 2008». Æveleg fred i form av eit islandsk punktum.

Morten Søberg

Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Eg trur at Bobby Fischer har skrive seg inn i sjakkhistoria på Island på ein slik måte at det er eit særskilt samband mellom han og det islandske folket.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis