JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

Det mørknar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ljoset frå byen gjev ein slags tryggleik, om dei mørke og ruvande fjella står tause og verkar skumle i mørkeret.

Foto: Ole Robert Sunde

6611
20181207
6611
20181207

Longyearbyen: I den tredje veka i november kjem mørkeret, og dei høge fjella i Longyearbyen blir borte; det tette polarmørkeret verkar å vere fullstendig samanpakka, liksom pakka saman av stride, arktiske vindar frå alle kantar, om enn temperaturen svingar frå minus ti til null gradar, så slepper ikkje den alltid pågåande vinden, ofte stiv kuling, taket, men det tek ikkje bort at mørkeret samtidig har ein slags lun varme.

Og da er det byens ljos eg tenkjer på, og at ljoset frå byen gjev ein slags tryggleik, om dei mørke og ruvande fjella står tause og verkar skumle i mørkeret, og utan snø er alt veldig mørkt, men så, med eitt, som ikkje er med eitt, det berre verkar slik, skin månen, og ein ser konturane av fjelltoppane, og havet er kolsvart, som kveldsmørkeret, men måneljoset legg spor av ljos på den urolege ytre vassmassen til havet.

På formiddagen er det alt kveld, frå der eg sit og glanar, ser eg ikkje noko anna enn ljoset frå nabohuset; det høge Hiorthfjellet er ute av syne, det som var så kvitt av snø da eg kom, og som dominerte landskapet i Longyearbyen; alt er forandra, og det er det tette, arktiske mørkeret som pregar heile landskapet; ikkje aleine, ettersom ljoset frå byen set opp mange punkt av ljos, som stødige faklar i saumane til eit uryddig skjold.

Det som har mest ljos i Longyearbyen, er huset til Sysselmannen, det skin sterkt, som om det skjer noko der, eit filmopptak, eller noko anna og dramatisk, liksom ein parallell til den gongen det var gruver som drifta Svalbard, for eg har vore på tur til Gruve 7, som er den siste gruva som er i drift, og der er det mykje ljos, Gruve 7 ligg høgt oppe i ei fjellside, og fjellet heiter Gruve 7-fjellet, det ligg høgt, fordi kolet ligg høgt på Svalbard.

Det er også mykje ljos frå flyplassen og frå Universitetssenteret på Svalbard (UNIS), og eit godt steinkast frå Sysselmannen ser eg Svalbard kyrkje, og der er det også mykje ljos, og ein ser godt det skrådekte kyrkjetaket, elles så er det fire raude ljospunkt langs pipa til kolkraftverket. Og det som er eit høgt bygg, ikkje som det høgaste punktet i Longyearbyen, men det er høgt; over huset til Sysselmannen står det tomme og ubrukte huset, eller ei samling av fleire hus på stylter, det var sentralen for taubanen, enno står det att mange taubanebukkar i Longyearbyen; nokre av dei er som store tårn, og ein kan jo tenkje på kor mykje det må ha larma då taubanen frakta kol i tunge kolvogner; oppe på Platåfjellet er det fleire ljos, sikkert for å vere eit varsko for flytrafikken.

Så er månen oppe, og det er fullmåne, og ljoset får toppen av Hiorthfjellet til å skine kvitt, det er stadig vekk snø heilt øvst, så er det fleire ljos under månen og det buldrar frå eit helikopter, det køyrer langs Adventfjorden, eg kan ikkje sjå vatnet frå der eg står, eg er ute i den skarpe arktiske vinden, det er kaldt, men det hjelper med ullfrakk, men eg har gløymt stillongs heime på hybelen, og dressbuksa er tynn, så eg dreg sokkane opp over bukseleggen, det hjelper, så er det på med topplue, som eg har kjøpt i ein sportsbutikk i Longyearbyen, det same med vottar, skjerfet kjøpte eg i Berlin og det er som eit pledd; eg er nesten kledd for å vere på Svalbard.

Eg har ikkje gode nok sko for vinteren her oppe; det er grove haustsko og bra for å spasere i Thereses gate, men ikkje her oppe og ikkje til ein lang tur i Todalen, dit eg drog for å vere med på ein tur til ei hytte som ein av dei som jobbar på Artica Svalbard – det er ei stifting som driv med kunst på Svalbard og som har fire hyblar i Longyearbyen, og ein verkstad, og som betalar for opphaldet mitt her og gjev meg honorar – leiger, og da hadde han med seg våpen ettersom ein kan møte isbjørnar her, utanfor Longyearbyen, da måtte eg gå med broddar under skoa, sidan det var glatt og litt snø på eit jorde som vi måtte passere på veg til hytta, og det tok ei god stund; vi såg ikkje isbjørnar, men fleire ville reinsdyr.

Men det var ein fin tur, og det var fint å sjå den golde naturen, iskaldt, høge fjell, mange taubanebukkar, snorrett etter kvarandre opp langs fjellsidene, djupe dalar, og ein klar himmel med ein blank måne, sølvgrå, skinande mellom fjelltindar; det var før mørketida, og ljoset var som det pleier å vere på dagtid, men no er det kveld heile tida.

Det er mørkt når eg legg meg og når eg vaknar; eg drog ein tur til Oslo (for å lese på Grand Hotel for å feire at forfattarforeininga var 125 år gammal), og det ljoset som eg såg dagen etter eg hadde landa; det var formiddag, og det var ikkje ei sky på himmelen, og det var så ljost som om eg hadde gløymt kor mykje ljos det kunne vere i kongeriket, berre fordi eg hadde blitt vand med å vere her oppe i mørketida; eg hadde tatt ljoset som noko sjølvsagt, akkurat som vi tek livet som noko sjølvsagt, og det var ein av grunnane til at eg ville opp hit som artist in residence.

Eg ville skrive ferdig ei bok om sorg ettersom kona mi døde av kreft for to år sidan, og da var det jo nettopp mørkeret her oppe eg ville til; eg ville bade i sorg, for å seie det slik, etter at eg hadde skrive ei bok om sjukdomen hennar, så skulle dette vere ein oppfølgjar, og det var nettopp det at vi tek livet som noko sjølvsagt, eg grubla over, og eg gjorde ei vending i manuset ved å innføre Johann Sebastian Bach som vegvisar til det hindsidige, ettersom eg ville skrive om den sjelelege reisa til kona mi; metafysikk med andre ord, så var det fråværet av ljos som trefte meg mest, idet eg kom frå Oslo.

Ei natt, og ikkje natta midt på dagen, var det stjerneklart og måneljost, og dei høge fjella eg så ofte glanar på, var synlege, men i ein slags skugge, dei var tilbaketrekte, liksom sett i parentes, som om dei var tilbakehaldne og ikkje heilt ville fram i ljoset, om ikkje det var måneljoset som var halde tilbake, all den tid det er mørkeret som regjerer.

Men det som står mot mørkeret, er vêret, for det er eit trist syn å sjå alle snøskuterane på pallar over litt snø og gammalt, tørt fjorårsgras, som stikk opp mellom fjølene på pallane; det blæs surt og skarpt, men snøen kjem ikkje, og det er ikkje is på Adventfjorden, og den snøen som kom, blei fort borte.

Det tette mørket gir meg følelsen av at det er kveld heile tida, og eg likar det, så kjem snøen, det har lava ned, og alt blir litt lysare, og snøen pakkar inn Longyearbyen, og det kler byen og fjella at det har kome snø, og eg ventar berre på at snøskuterane skal starte opp.

Ole Robert Sunde

Ole Robert Sunde er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ljoset frå Longyearbyen set opp mange punkt av ljos, som stødige faklar i saumane til eit uryddig skjold.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis