JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

Dans

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjon: Sergio Valle Duarte / Wikimedia Commons

6459
20221021
6459
20221021

Under ei interessant framføring på Dansens hus sa venninna mi til meg: Sjå kor flott han fører hovudet, og då såg eg at det han gjorde med hovudet og heile kroppen, intensiverte dansen, og at dansen hans passa perfekt til musikken.

Ein av dei flottaste dansane eg har sett, såg eg på NRK og det var Nederlands Dans Theater; alle dansarane var utkledde som Michelin-mannen og dei dansa etter ein av Bachs Brandenburg-konsertar, og alle dansarane trampa hardt i golvet, som om dei var på Færøyane i ein heilt annan dans, men det var flott og dei dansa som om det var både dans og teater.

Det er den dansande kroppen eg er interessert i, og i dei ulike rørslene som kroppane gjer når dei framfører ein dans, og ljoden av berre føter mot eit scenegolv er ikkje som ein variant av det å vere autentisk, men det er sjølve nærværet, og det gjer at dansen blir meir omfattande, som alle dei underlege rørslene med armar, hofter, rygg og bein eller hovudet som venninna mi kommenterte.

Eg synest mykje med moderne dans er utfordrande og ofte skjønar eg lite like av det som då eg høyrer ein svarttrost synge eller om eg høyrer ein av strykekvartettane til Cecilie Ore, men det er ikkje for å forstå, men for å lytte etter, tenkje etter og å sjå etter, og for å vere ofte i den kategorien som den franske forfattaren Proust var i, ifølge kollegaen hans Maurice Barres som karakteriserte Proust «som ein persisk poet i ein portnarbustad».

Eg har vore på dansens hus mange gonger, og sett mange danseførestillingar, men nå, tenkjer eg at det er utan dans, eller der kor dansen har flytta seg til ein annan stad, og for å seie det litt flåsete, så er det meir hand- og armrørsler i det som er dans på Dansens hus, som kan minne om eit anfall av epilepsi, og venninna mi, tidlegare dansar og koreograf, meiner at det har skjedd noko med dansen, som om dei, kven dei nå er, ikkje vil bruke kroppen i dansens underlege rørsler; alt dette veit eg ikkje noko om, men mange av dei siste danseframføringane på Dansens hus har rett og slett vore utan dans.

Det Nederlands Dans Theater var ikkje ute etter, trur eg, å fortelje noko anna enn å vise gleda ved å danse, etter ein flott og feiande komposisjon av Johann Sebastian Bach, og dei dansa etter eit godt orkester, om eg skulle ha sakna noko, så måtte det ha vore pusten frå alle dei som dansa og trampa takten, for dei påkledde dansarane måtte ha vore kok varme, men det er kanskje vanskeleg å få til med musikken, og trampinga.

For ikkje å gløyme den erotiske dansen mellom ein mann og ei kvinne, eller mann mot mann og kvinne mot kvinne; når ho, som eg har sett, klatrar opp bakpå ryggen til ein mann, og så sklir ned og grip etter hendene hans og blir dratt baklengs gjennom beina hans for så å bli løfta opp og legg seg som ein diger katt utan pels på fanget hans.

Og som frå ingen stad kjem det springande ein mann for harde livet og han klaskar føtene i scenegolvet og det blafrar i det tunge sceneteppet som han fer forbi, og så blir han borte i mørkeret, men så dukkar det opp ein manneleg dansar frå ein helt annan kant, også han spring som om det står om livet, han spring i ei stuttbukse, slik at alle musklar i låra, magen, ryggen og leggane er svært tydelege, og så blir også han borte, før det kjem mange dansarar rullande, og det var ikkje heilt tyst, for dei rulla bra.

Pardans verkar å vere svært sensitivt, og eg trur det må vere eit godt forhold mellom dei som dansar så tett, om dei då ikkje er så profesjonelle at dei held kjenslene tilbake, om enn ein berøring langs ein nakke eller over ei skulder av ei hand som ikkje er ute for å stryke, men berre er som eit grep, eller før det blir eit grep kan bli tolka som ei berøring, om den eine av dei som dansar, dirrar, er varm og sliten og berre talde for å hugse alle dei koreografiske trekka.

Men det er møtet mellom dei ulike dansarane, og deira kropp og kroppens rørlege uttrykk som gjer at dans blir dans; og for meg er det ikkje dei koreografiske forteljingane eg bryr meg om, men det som skjer med dei dansande kroppane, og ein kan heller ikkje ta vekk alle dei akrobatiske øvingane som dei veltrena dansarane utfører, som det å gå ned i spagaten, eller ein baklengs salto, og det å landa utan å falle; det er mykje turn hos gode dansarar, og ofte har eg sett i Operaen, på Dansen hus og på Mezzo, ein dansar, både feminin og maskulin, etter ein salto gå opp i handståande, rak i ryggen som ein bordplanke.

Eg hugsar ein film, eller rotar eg det til nå, for det kunne også ha vore eit intervju på NRK P2 eller kvifor ikkje begge delar, ein gammal film og eit nyare intervju på NRK P2; og det var om dagen derpå med ein sliten dansar, for det tek på å vere dansar, og ho som blei filma og intervjua, meiner eg, var ein kvinneleg dansar, og ho hadde det vondt, og då tenkjer eg på kor utfordrande det er å danse, og det er ikkje for ingenting at pensjonsalderen er rundt 40 år, men eg har jo sett eldre dansarar langt over 40 år som gjer fin og gripande dans og det er ikkje spretten det kjem an på; eg har sett mange kjenslevare dansar av dansarar som er mykje over 40 år som dansar flott, og eg hugsar ein dans der den eine sat mellom beina på ho som stod, og med museskritt blei ho som sat, dradd inn i ein langsam karusell.

Kroppens bevegelse er det essensielle med dans, og det som eg vil kalle for tørr saklegdom, og det er nettopp det ein tysk filosof, nå avdød, sa at ein strykekvartett var, tørr saklegdom, som om det kjenslege ligg dekt bak det tørre og saklege, som om det søv eller ventar på å stikke hovudet sitt fram.

Kva skjer då? Jo, då er det det klassiske grepet for å få kroppen til å bevege seg og til å utføre ein grasiøs bevegelse, og ikkje stamme i anfall av epilepsi, og då er det pardansen eg tenkjer på og ho som klatra bakvegen opp ryggen til ein mannleg dansar, og som sette seg på nakken hans og gjennom beina hans kom seg opp på fanget hans som ein diger katt og så sleppte ho seg ned på scenegolvet og tok ein piruett og sprang bort, som om ho rømde, og eg trur eg veit kor ho gjekk for etter ein stund kom det på nytt rullande mange dansarar, og alle rulla same veg mot orkestergrava, som var tom, men eg tenkte på min yngste son, då han ved ei strand i Sør-Italia spela ein havarert fisk på land, og alle barnebarna mine lo godt.

Ole Robert Sunde

Ole Robert Sunde er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Alle dansarane trampa hardt i golvet, som om dei var på Færøyane i ein heilt annan dans.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo

Statsminister Jonas Gahr Støre helsar på mannskapet ombord kystvaktskipet KV Bjørnøya som ligg til kai i Oslo, etter å ha lagt fram langtidsplanen for Forsvaret.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Leiar
Svein Gjerdåker

Store utfordringar for Forsvaret

Statsminister Jonas Gahr Støre burde vore tydeleg på at planen for Forsvaret er ambisiøs og særs krevjande.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Foto: Mario Anzuoni / Reuters / NTB

MusikkMeldingar
Rasmus Hungnes

Keisam radiokanal

Beyoncés åttande er ei langdryg smørje.

NTNU hovedbygget i Trondheim

NTNU hovedbygget i Trondheim

Foto: Gorm Kallestad / NTB

MusikkKultur

Sure tonar i Trondheim

Trass i skrikande mangel på organistar stogga NTNU opptaket til bachelorstudiet i kyrkjemusikk. Fleire søkjarar hadde alt prøvespelt.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis