JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

🎧 «Samleier i Bergen»

Sidan Agnar Mykle vart tiltala for å ha skrive pornografisk i Sangen om den røde rubin, er det lett å tru at forarginga romanen vekte i den norske ålmenta i 1956–57,
var ein puritansk reaksjon på seksuelle skildringar. Slik var det ikkje.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
8425
20191115

Songen om dei levande modellane

Kaj Skagen ser i seks artiklar nærare på Mykle-saka frå 1956–57. Han meiner at forarginga over Sangen om den røde rubin ikkje kom av dei seksuelle skildringane i boka, men av at Agnar Mykle nytta modellar frå det politiske maktmiljøet.

Lytt til artikkelen:

Om ein kunne reagere på erotikken i Rubinen i kristne miljø, særleg på Sørlandet, var forarginga i det litterære, kulturelle og intellektuelle miljøet eintydig knytt til Mykles bruk av levande modellar for romanfigurane sine.

Det var heller ikkje berre i Bergen at kritikken av Sangen om den røde rubin gjekk mest på levande modellar. Også i Oslo stod spørsmålet om Mykle dikta eller refererte frå røyndomen, sentralt. Jens Bjørneboe kalla romanen «en kjempestor, fragmentarisk selvbiografi». I Verdens Gang og det danske Information gjekk skribenten Odd Eidem til frontalangrep på Rubinen og hevda at romanen ikkje var dikting, men «korrekte referater» av intime omstende henta frå Mykles privatliv. Eidem meinte difor at dei seksuelle skildringane var eit lovbrot, nemleg «krenking av privatlivets fred».

Bergen var likevel sentrum for forarginga. Det byrja med ei bokmelding i Bergens Arbeiderblad der Olav Simonnæs slo fast at Rubinen hadde pornografiske innslag, men meinte at «vi (er) imidlertid etter hvert blitt så fortrolige med den slags realistisk samleie-skildring at det ikke biter synderlig på oss». Samstundes fortalde Simonnæs at Mykle hadde «brukt levende modeller», og skreiv at «portrettene er morsomme som karikaturer, og flere vil bli gjenkjent av dem som da var med».

På denne viset ble dei seksuelle skildringane i romanen knytte til bestemte levande kvinner. Tittelen på bokomtalen, «Agnar Mykles nye roman – som foregår i Bergen», fortalde lesarane at dei kunne leite etter seg sjølv og naboane i boka. Simonnæs slo fast som eit faktum at Mykle hadde laga karikerte portrett av personar som kunne kjennast att, samstundes som han ein annan stad i artikkelen fortalde om «samleier (…) i Bergen». Desse samleia med bergenskvinner skulle i Rubinen ha fått «en minituiøs beskrivelse (...) i alle tenkelige detaljer – fra det kjedsommelig naturlige til det mest perverterte».

Såleis la artikkelen opp til at lesaren skulle tru ein kunne kjenne att kvinnene i dei seksuelle situasjonane i romanen. Men dei mest attkjennelege modellane i Rubinen var ikkje Mykles elskarinner i Bergen i 1938–39, men høgst påkledde menneske frå ei foreining som i romanen vert kalla «Sosialistisk Studentlag». Det er medlemene i denne foreininga, både menn og kvinner, som Simonnæs kan meine «vil bli gjenkjent av dem som da var med», ikkje kvinnene som Ask Burlefot har eit erotisk forhold til, for ingen andre enn det elskande paret «var med» på deira intime møte.

Aggresjonen i artikkelen synest heller ikkje å gjelde dei seksuelle skildringane, men Mykles handsaming av det sosialistiske miljøet. Etter å ha oppretta identitet mellom romanpersonen Ask Burlefot og forfattaren Agnar Mykle, skildrar Simonnæs indirekte Mykle som «en stor snobb, stundom spissborgerlig og infantil», «en råtass» og «en reaksjonær type som ikke har betingelser for å bli med i det varme, rike fellesskapet sosialismen forfekter».

Som Bjørneboe peikte på i ein artikkel i Aftenposten etter at tiltalen var teken ut i 1957, hadde forarginga mot Mykle eit sterkt politisk preg. Normalt ville den politiske venstresida ha stått skulder ved skulder med forfattaren i ein kamp mot påtalemakta. Men no slo Arbeidarpartiets kulturmiljø seg saman med det reaksjonære kristenmiljøet i kampen mot Rubinen.

På slutten av 1940-åra hadde Mykle vore teaterkonsulent i Arbeidernes Opplysningsfond i Norge (AOF), og i fleire år deltok han i Arbeidarpartiets kulturarbeid og skreiv i partiorganet Arbeiderbladet. Med Sangen om den røde rubin hadde han stått fram som ein kritikar av sosialistane. Agnar Mykle var blitt ein svikar.

Neste akt i det litteraturkritiske dramaet om Rubinen i Bergen vart spelt i den konservative avisa Morgenposten 6. november 1956. Her vart romanen omtala av presten Sverre Riisøen, kjend som ein hardtslåande vaktar av moralen. Atter var det mindre snakk om ein roman enn om reportasje frå heimbyens hyblar og soverom. Sangen om den røde rubin «foregår i Bergen» og «inneholder sterke selvbiografiske innslag», påstod Riisøen utan grunngjeving. I eit intervju i NRK gjekk han rett på hovudsaka i den moralske klagen mot Mykle: «Jeg har nok en indvending mot forfatteren, kanskje den mest avgjørende: Hans bruk av levende modell er simpel, eller taktløs! Hans ofre er forsvarsløse – akkurat; ofre!»

Slik vart det kringkasta over heile landet at dei kvinnene som hadde hatt eit intimt forhold til Mykle medan han studerte ved Handelshøyskolen i Bergen i 1938–39, skulle vere seksuelt skildra i Rubinen.

I Bergens Tidende tok Edvard Beyer opp att påstandane til Simonnæs og Riisøen. Nett som desse to skreiv han som om han visste korleis romanen var blitt til, og kven som løynde seg bak dei fiktive personane i forteljinga. Han hevda å sitje inne med ein «Kven er kven i Rubinen», men utan å dele denne kunnskapen med lesarane, som dimed under handa vart oppmoda til sjølv å spekulere i kven som kunne vere kven.

Beyer skreiv at Mykle ikkje berre hadde «gjort bruk av en lang rekke levende modeller» på kunstnarleg legitim måte, men skildra verkelege menneske på ein «nærgående, stundom mer enn taktløs portrettering og talentløs karikering». Mange av personane i boka skulle vere «uten organisk tilknytning til romanen», hevda Beyer, men utan å underbyggje dette med døme eller argument. Modellane skulle vere for lett maskerte, slik at Mykle dimed hadde «gitt seg selv fritt slag uten å sikre modellene noen som helst dekning». Dimed kunne han «av hjertens lyst blande sannhet og oppspinn, og han gjør det – uten at noen kan protestere», skreiv Beyer, medan han i same setning protesterte av alle krefter med ei storavis i ryggen.

Artikkelen bringa ikkje noko anna til torgs enn det Simonnæs og Riisøen alt hadde bydd på, men denne torgbua var meir staseleg. Edvard Beyer hadde hovudfag i norsk og var leiande kritikar i Bergens Tidende og lærar ved Universitetet i Bergen.

Dersom litteraturkritikarane vil øydeleggje ein forfattar av andre enn litterære årsaker, må dei alltid fyrst oppheve forfattarens viktigaste vern, nemleg den kunstnarlege verdien til verket. Dette skjedde òg med Rubinen. I dag vert han rekna som ein av dei store norske romanane frå etterkrigstida og har ein sikker plass i den norske litteraturhistoria. Men samtida var langt frå så samrøystes. Olav Simonnæs snakka om romanen som «forstemmende», «rett og slett banalt, ja latterlig», prega av språkleg «diaré», og dei erotiske skildringane skulle mangle «antydningens og tilslørelsens kunst»: «Agnar Mykle legger slaktekjøttet opp på disken så blodet siler». Edvard Beyer nytta den faglege posisjonen sin til å avskilta Agnar Mykle som ein talentlaus forfattar som hadde skrive ein dårleg roman med vondsinna uthenging av forsvarslause menneske.

Men kven var dei forsvarslause modellane som ifølge Beyer appellerte til «kikkere og sladderkjerringer», som det heitte i meldinga hans av Rubinen? I dag tenker Mykles lesarar straks på dei unge kvinnene som Ask hadde eit seksuelt forhold til, fordi heile saka om Rubinen er blitt overlevert til oss som ei sak om utuktsparagrafen.

Også Bergens Tidenes lesarar i 1956 kunne lett ha trudd at Beyer snakka om kvinnene som var seksuelt skildra i romanen, sidan alle no visste at romanen inneheldt mange erotiske skildringar. Men i Beyers melding manglar det seksuelle elementet i omtalen av modellar. Det vert sagt at «skikkelsene er uten organisk tilknytning til romanen», men det kan ikkje gjelde Asks kvinner i ein roman som handlar om den erotiske kjærleiken mellom mann og kvinne. Heller ikkje er det nokon gong vorte undersøkt kor lett attkjennelege modellane for Ask Burlefots elskarinner i røynda var. Vi skal nærme oss dette spørsmålet i den neste artikkelen.

Kaj Skagen

Kaj Skager er forfattar
og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Men kven var dei forsvarslause modellane
som ifølgje Beyer appellerte til «kikkere og
sladderkjerringer»?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis