🎧 «Parallelle» liv
Båe kom fram til Sørpolen. Dinest fraus Robert Scott i hel, medan Roald Amundsen seinare berre forsvann.
Illustrasjon: Björk Bjarkadottir
Sørpolvariasjonar
Den engelske sjøfararen og oppdagaren James Cook siglde rundt Sørpolen; nordmannen Roald Amundsen vart sjølve «sørmannen» då han planta det norske flagget på polpunktet.
Er det framleis meiningsfylt å lesa om desse klassiske ferdene mot sør?
Morten Søberg skriv to essay om Cook og Amundsen og andre parallelle liv. Del 2

Lytt til artikkelen:
Midt på dagen 12. januar 1929 gjekk forsvarsminister Torgeir Anderssen-Rysst på talarstolen i Stortinget og las opp meldinga om «rikets tilstand». Dei siste tre avsnitta i talen til statsråden gjeld Roald Amundsen. Anderssen-Rysst gjer kjent at polfararen vart meld sakna i slutten av juni 1928. Då var Amundsen om bord i «den franske flyvebåt ’Latham’ (...) underveis fra Norge til Svalbard for å delta i søkningen efter ’Italia’», luftskipet til den italienske ishavsfararen Umberto Nobile.
På nøkternt vis seier Anderssen-Rysst at gudane skal vita at dei leita etter Amundsen. Det var kommanderande admiral «under samarbeide med den franske admiral Herr» som leidde søka. Nordmennene sende fly og krigsskip ut på søk, pluss ishavsskuta «Hobby», «som var stilt til den norske regjerings disposisjon av amerikansk undersått miss Boyd», elskarinna til Amundsen. «Enn videre blev der ved denne eftersøkning ydet bistand fra italiensk, russisk, svensk og dansk side, samt fra den private ’Veslekari-ekspedisjon’.» Statsråd Anderssen-Rysst sluttar meldinga om tilstanden i riket med å opplysa om at panserskipet «Tordenskjold»s planlagde tokt til Færøyane og Island vart avlyst med di det skulle vera med på leiteaksjonen etter Roald Amundsen.
Slik endar den offisielle soga om livet til Amundsen signert Haakon VII, Joh. Ludw. Mowinckel og ein til. Framstillinga av dødsfallet er minimalistisk og tilsynelatande skriven med Ockhams barberkniv – her er det korkje kjøt eller blod.
Men alle meldingar om «rikets tilstand» er skrivne over same leisten. Dei er kronologiske, lineære og saklege lik ei loggbok. Desse norske annalane er jamvel grunnlovfeste: Paragraf 74 lærer at kvar opning av Stortinget skal byrja med ein tale om tilstanden i riket. I regelen handlar desse skriftlege talane om avtalar, lover og andre vedtak, tidvis om statistikk og tal – ikkje einskildpersonar. Omtalen av Amundsen må vera eit tilnærma eineståande unnatak. Årsaka er «barnelærdom» på norsk: datoen 14. desember 1911; den såkalla sørpoldagen; den tidfeste «sigeren» over Robert Falcon Scott og felagane hans i det norsk-britiske kappløpet mot Sørpolen.
Korleis kan vi sjå på dette i dag? Vel, noko kan vi sjå med eigne augo: Amundsen filma nemleg sørpolferda si. Roald Amundsens Sydpolferd varer i cirka elleve minutt. Filmen vart i 2005 oppført på verdsarvlista til Unesco. Han byrjar med at polarskuta «Fram» vert gjord klår ved Akershuskaia i Oslo, inneheld bilete av hundar som vert tekne om bord, og held fram med kvalar nordmennene ser i Kvalbukta i Sørishavet og pingvinar rett ved iskanten der «Fram» ankrar opp. Basen rett attmed kallar dei målpolitisk korrekt Framheim.
Stumfilmen er elles heilt tyst om ei japansk skute som vi eit kort bel skimtar til høgre i biletet. Kvart «kapittel» i filmen er markert med stillbilete av tekst. Dei to siste kapitla har overskriftene «Starten for Polen» og «Tilbake fra Polen». Filmen inneheld òg det ikoniske biletet av Amundsen og fire andre nordmenn på polpunktet, framføre teltet med det norske flagget som blakrar i vinden. Biletet vart teke av Olav Bjaaland frå Morgedal, vogga til skisporten. Sjølv om det er svartkvitt, er det fargerikt.
Ein kan ikkje skriva om Amundsen utan å nemna Scott, eg skriv at det er tale om nærskylde lagnader. Vi ser den greske essayisten Plutark (om lag 50–125 e.Kr.) mellom linene her. Han skreiv seg inn i verdslitteraturen med livssogene til store menn i Vitae Parallelae (Parallelle liv). Sjangerkravet til Plutark var jamføring av parvise livssoger. Døme: Fyrst kjem ei biografisk framstilling av Aleksander den store, og så fylgjer ei tilsvarande skildring av Cæsar.
Parallelliteten til Plutark gjekk ut på å presentera hellenske og romerske menn som til synes likna på kvarandre. Det eine livet vart sett i relieff av det hine, og motsett. Biografiske Venn-diagram. Plutark jamførte skrivinga si med portrettmålarar – dei er opptekne av andlet, av liner og drag, meir enn resten av kroppen. Eit andletsuttrykk, ein anekdote kan seia meir om jamvel ein hærførar enn namngjetne kringsetjingar og slag.
Om Cæsar skriv han til dømes at håret hans var så fint greidd, og av og til justert med berre ein finger. Ein annan stad zoomar Plutark inn mot ein Cæsar som sat tankefull ein stad i Spania og las i ein biografi om Aleksander den store. Med eitt tok Cæsar til å gråta høglydt. Ja vel? Jo, Cæsar skjøna at Aleksander låg framføre han i løypa, at Aleksander på Cæsars alder no hadde fått gjort fleire store gjerningar – hærteke land, grunnlagt byar, vunne gjetord – medan romaren ikkje hadde fått utretta noko minneverdig i det heile. Med tid og stunder vann Cæsar visseleg eit evig liv i språket på tvers av landegrenser.
Både Amundsen og Scott kasta loddet – båe gjekk mot Sørpolen og sette livet på spel. Men berre Amundsen så å seia kom, såg og vann. Parallellen vert ein kontrast: Nordmennene nådde polpunktet om lag ein månad føre britane. På Sørpolen må Scott elles ha kjent seg som Cæsar i Spania då han fann brevet som Amundsen hadde leivt etter seg med ei uskriven oppmoding om at taparane skulle ta det med seg heim.
Di meir eg grundar over saka, di meir arrogant verkar det å redusera Scott og felagane hans til postbod. Brevet var adressert til «H.M. The King of Norway», men innhaldet er skrive på eit gebrokke og klønete norsk-dansk. For det kryr av misskrivingar. Jei i staden for jeg, mei i staden for mig og så frametter. Alternativt var Amundsen tilhengjar av ein ortofon skrivemåte. Men posten skulle fram: I dette tilfellet fekk kongen brevet tilsendt i mai 1913.
I Parallelle liv jamfører Plutark to og to liv (og i eitt tilfelle heile fire ulike livssoger). Men han skriv inga audsynt eller eksplisitt jamføring av personlegdomane, gjerningane og heltedådane til Aleksander den store og Cæsar. Kan henda ynskte han å lata lesaren gjera den endelege vurderinga på eiga hand. Utan samanlikning elles: Middelhavet var det flytande referansepunktet til både Aleksander den store og Cæsar. Den fyrstnemnde fór derifrå på rastlause hærferder i austerland, mot Asia, persiske teppe, indiske elefantar. Krigsstigen til Cæsar leidde han ofte nord(vest)over, mot Tyskland, Frankrike og det vi no kjenner som Dei britiske øyane, men som på den tida låg «bortanfor grensene til den kjende verda».
Amundsen og Scott vart derimot dregne mot geografiske ytterpunkt, mot skire inferno av kulde og vind – eit sant helvete på jord. Ein kjend skilnad mellom dei to var at Amundsen satsa på rett hest då han valde å bruka grønlandshundar i staden for hestar. For eiga rekning har eg «alltid» hatt medkjensle med dei arme britane og den låke endelykta deira. Til sist må dei ha visst at dei kom til å frysa i hel, korfor tok dei ikkje morfin, som dei hadde nøgda av?
Attende til Plutark, som har synleg sans for måten grekaren Demostenes døydde på: Han lest som han sat og skreiv, tok gift i løynd og sette slik eit sjølvstendig punktum.
Finse i Ulvik herad er i dag det Morgedal – for alt eg veit – var: eit norsk eldorado for skisport. Etymologisk kjem stadnamnet frå det gamalnorske ordet firn, villmark. Her er ekkoet etter Amundsen og Scott også «høyrleg». Vinteren 1974 kom BBC hit for å filma den vidgjetne ferda til Amundsen. På Finse i samtida ser du allstøtt nordmenn med fjellski med det velkjende portrettet hans på.
Men det er tilfeldige møte med britar i høgfjellet som lettast leier tankane sørover og attende i tid. Ein vinter gleid eg lett og fint over det frosne Finsevatnet framom fire engelskmenn som kava på truger. Eit meir konstant minne om kappløpet mot Sørpolen er derimot reist rett framføre hotellet Finse 1222: ein bauta frå 1914 med namna til Scott og dei andre ekspedisjonsdeltakarane «Reist af Nordmænd til ære for arktisk forskning og heltemod». Midt i sentrum av den norske periferien minnest vi døgnet rundt the runners-up frå det britiske imperiet i sine velmaktsdagar – føre verdskrigane, tapet av koloniane og den relative attendegangen.
Like høfleg og sikkert velmeint var den offisielle norske reaksjonen på nyhendet om lagnaden til Scott og dei fire andre. Den 12. februar 1913 opna stortingspresident Jørgen Løvland møtet med ein minnetale om «desse djerve Bretlands søner» og sa at minnet om «desse heltar, deira ferd og deira fall på valen vil liva gjenom alle ætter». Alle tingmennene stod då Løvland tala. I talen sin nemnde han òg brevet frå Amundsen til kongen: «Det er vel det fyrste brevet, som er lagt ned der alle meridianar møtest der sør, og som kjem til adressa. Det er eit historisk dokument.»
Dinest vart det gjort vedtak om å senda eit telegram til britiske kollegaer. I London vart det lese opp same dagen. Det er rørande, og det må vera transkribert gale. I oppritet står det faktisk at den norske nasjonen er «deeply snored» – i den norske originalen stod det skrive «djup medkjensle» – over nyhendet om lagnaden til Scott og mennene hans. Det var speakeren i Underhuset, James William Lowther, som las opp telegrammet. Etterpå spurde han om han skulle senda eit høveleg svar. «Hear, hear», svarte dei britiske tingmennene i Westminster. Det britiske svaret vart omsett til nynorsk og lese høgt i Stortinget 17. februar: Ein «heilhuga takk frå Underhuset for det hugtakande sympati-telegrammet», inkludert søt musikk i våre øyro i form av referanse til «dei mange daadsverk av norske sjøfararar og uppdagarar, som hev vore med i det faarefulle arbeidet med arktisk og antarktisk utgransking».
Patos og høgstemt fagning kan vera øyredøyvande. Samstundes ser du berre fragment av det store biletet når du fokuserer på store menn. Den lesande arbeidaren til Bertolt Brecht var i 1935 inne på dette då han spurde om Aleksander den store tok India åleine, og dinest stilte spørsmål ved om Cæsar ikkje eingong hadde med seg ein kokk då han slo ned gallarane.
Ein norsk parallell til dette er dagbøkene til morgedølen Olav Bjaaland (fødd 1873, død 1961). Dei er retteleg fine å lesa, særleg når vi fylgjer han og resten av mannskapet på vegen rett sør. Temperaturane er bikkjekalde, slitet umenneskeleg og livsfarleg. Innimellom er tida «faen so lang» på liggjedagar og somme netter òg «faen so lange». Men 14. november 1911 skriv Bjaaland om dei fagre fjella han ser: «Stundom er dei grøne, av og til blaa, sidan kvite og med svarte striper, det er eventyrfjell i høgaste potens.» Og to dagar før dei når polpunktet, drøymer han om ei ung jente som gjev han ei raud rose. Men kva skreiv Bjaaland på sjølve Sørpolen? Jo, at mora og broren skulle ha sett han no. Og at det er «godt skiføre».
Etter polferda lånte Bjaaland 20.000 kroner av Amundsen. Med dei ville han byggja opp Telemark skifabrikk i Kviteseid med elektrisk drivkraft. Fabrikken vart seld til broren Saamund i 1916. Dinest byrja Bjaaland med ny skiproduksjon i Djuve i Telemark i 1933. Til skiemne var det vanleg å bruka furu. Trevyrket vart tørka og høvla og gnide svart med sot frå gryter. Men det beste skivyrket på kloten meinte Bjaaland var hikkory, «denne herlege veden som veks langt vest i Sambandsstatane».
Sitatet er henta frå eit nokså hagiografisk portrett av Bjaaland, utgjeve på Fonna Forlag rett etter krigen. Der gjer han kjent at rekordjag er noko herk, det har lett for å bryta ned helsa: «Ein tøygjer seg til det ytste; det gjeld sekundar og millimeter. Ein driv på til det svimrar for ein.» Sjølv fekk han eit vondt hjarta «av dei harde røyningane på marsjen til Sudpolen». Nokre år seinare, i 1952, tende han OL-elden i Morgedal, opptakten til dei olympiske leikane i Oslo.
Du kan seia at Bjaaland sjølv sette ein uslåeleg rekord då Amundsen som ein slags gest lét han verta fyrst mellom fyrstemenn på polpunktet sør på kloten. Kan henda kan vi tenkja på den dagen som eit tidsskilje mellom før og etter. Jamført med Cæsar: eit marginalt eit. Han var det som samla filosofar og matematikarar i Rom, samtala med dei og dinest innførte ei ny tidsrekning i og med den julianske kalenderen.
Hjå Plutark les eg òg om korleis Cæsar sumde vekk, ut frå hamna i Aleksandria – skipa av Aleksander den store – medan biblioteket der stod i lys loge. Med den eine handa, over vatnet, heldt og berga han unna ei rad manuskript. Når sant skal seiast: I lys av slike historiske episodar grensar den norske soga om Sørpolen til eitkvart perifert, kaldt og kvitt. I klårtekst talar vi særskilt om ein stumfilm om usynlege breidde- og lengdegradar og eit brev frå eit språklaust kontinent. Konkrete variasjonar kring eit abstrakt punkt. Eit fråvær av parallellar.
Morten Søberg
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i Sparebank 1 Gruppen og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Innimellom er tida «faen so lang» på liggjedagar og somme netter òg «faen so lange».
Fleire artiklar
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.