Er magien borte?
Verdsmeisteren må byrja vinna sjakkparti. I femte runde fekk han endeleg ein siger i årets turnering i Wijk aan Zee.
Magnus Carlsen har mist x-faktoren ein ikkje kunne forklåra sjakkfagleg – i klassisk sjakk. Han gjer framleis alt rett på brettet, men motstandarane har lært, og trur ikkje lenger at dei vil tapa mot Carlsen, og dei taper heller ikkje.
Foto: Tata Steel Chess
Magnus Carlsen (28) har sett ein skammeleg rekord i klassisk sjakk: 21 parti på rad utan tap, men òg utan siger. Altså berre remisar. Dei tolv remisane i VM-kampen var ikkje berre «uflaks» når ein ser kva som skjedde før London (fem remisar på rad i Europacupen i oktober) – og no etter London (fire remisar på rad i turneringa i Nederland). Samstundes gjer Carlsen mykje rett, om ein ser på sjakktrekka og ikkje på resultata. Eg skal forklåra.
Eg tykkjer Carlsen spelar like godt som på sitt beste for 4–5 år sidan. Problemet er at motstandarane har lært; dei verjar seg med ein teknisk presisjon som var utenkjeleg før datamaskinane og Carlsen sjølv lærte verdseliten korleis ein spelar stabilt på ratingnivået 2800+. Bobby Fischer vann 20 parti på rad mot verdseliten i 1970–71, utan ein einaste remis. Det er den mest imponerande sigersrekkja i sjakkhistoria. Men dei beste den gongen var langt unna nivået til motstandarane til Carlsen anno 2018–19.
Då Carlsen vann verdsmeisterskapen i 2013, var han frykta av alle. Carlsen trudde han kunne gjera som han ville. Og han gjorde som han ville. «Eg var naiv, men eg var god», seier Carlsen i dag om den yngre utgåva. Vishy Anand og dei andre spela dårlegare mot Carlsen enn dei gjorde mot kvarandre.
I dag spelar Anand og dei andre betre mot Carlsen enn mot kvarandre. Dei veit at remis mot verdsmeisteren er eit normalresultat om ein held konsentrasjonen og presisjonen oppe gjennom fire–fem timar. Dei trur ikkje lenger at dei vil tapa, og dei taper heller ikkje. Magien til Carlsen – x-faktoren ein ikkje kunne forklåra sjakkfagleg – er borte i klassisk sjakk.
Problemet til Carlsen er at han gjer alt rett på brettet. Eg har ikkje nokon gode råd å gje, han må berre halda fram med det kreative spelet sitt. For han spelar kreativt heile vegen – og no skal eg visa korleis.
Kvalitetsofferet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.