Enzensbergers noregsdiagnose

Med den vesle pamfletten Norsk utakt skapte Hans Magnus Enzensberger stor debatt.

Publisert

Hans Magnus Enzensberger døydde sist veke, 93 år gamal. Han var i årrekkje ein av Tysklands fremste intellektuelle med sine dikt, romanar, essay, journalistikk og omfattande redaktørarbeid.

Enzensberger tilhøyrde venstresida i 1960–1970-åra, men hadde heile livet ei sterkt antiautoritær grunnhaldning og var fri og uavhengig i synet på politikk og samfunn. Han var uredd og tok ikkje omsyn til at det han skreiv, kunne misbrukast av meiningsmotstandarar. Og fordi han var ein gamal venstreintellektuell, kunne han ta opp vanskelege og kontroversielle tema utan å verta mistenkt for å ha tvilsame motiv.

Mange av pamflettane hans har kome ut på norsk. Den store vandringen i 1993 (på tysk i 1992) om nettopp folkevandring, innvandring og framandfrykt. Borgerkrig i 1994 (på tysk i 1993), der han skildrar borgarkrigen som eit bilete på den blinde aggresjonen som råkar samfunna våre. Ein krig som ikkje berre går føre seg i den fattige delen av verda, men som òg er til stades i dei store byane Berlin, Detroit og Birmingham.

Skrekkens menn. Om den radikale taper kom i 2006 og handla om den islamistiske terroren – med krigarar og sjølvmordsbombarar som har USA, det dekadente Vesten og sionismen som hovudfiendar, og med Koranen som leiestjerne, i staden for Marx og Lenin.

I 2011 kom pamfletten om EU, Det myke monsteret Brussel eller umyndiggjøringen av Europa. Ei kritisk skildring av eit oppsvulma byråkrati i Brussel og ein union med demokratisk underskot.

Som ein pamflett, men i Samtiden, kan ein òg rekna oppgjeret hans med utanriksdekninga i norske dagsaviser i 2002. I artikkelen reduserer Enzensberger Dag og Tid til ei avis «som utmerker seg som kurér for landsens skikk og synsmåter».)

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement