Enzensbergers noregsdiagnose
Med den vesle pamfletten Norsk utakt skapte Hans Magnus Enzensberger stor debatt.
Kommentar
svein@dagogtid.no
Hans Magnus Enzensberger døydde sist veke, 93 år gamal. Han var i årrekkje ein av Tysklands fremste intellektuelle med sine dikt, romanar, essay, journalistikk og omfattande redaktørarbeid.
Enzensberger tilhøyrde venstresida i 1960–1970-åra, men hadde heile livet ei sterkt antiautoritær grunnhaldning og var fri og uavhengig i synet på politikk og samfunn. Han var uredd og tok ikkje omsyn til at det han skreiv, kunne misbrukast av meiningsmotstandarar. Og fordi han var ein gamal venstreintellektuell, kunne han ta opp vanskelege og kontroversielle tema utan å verta mistenkt for å ha tvilsame motiv.
Mange av pamflettane hans har kome ut på norsk. Den store vandringen i 1993 (på tysk i 1992) om nettopp folkevandring, innvandring og framandfrykt. Borgerkrig i 1994 (på tysk i 1993), der han skildrar borgarkrigen som eit bilete på den blinde aggresjonen som råkar samfunna våre. Ein krig som ikkje berre går føre seg i den fattige delen av verda, men som òg er til stades i dei store byane Berlin, Detroit og Birmingham.
Skrekkens menn. Om den radikale taper kom i 2006 og handla om den islamistiske terroren – med krigarar og sjølvmordsbombarar som har USA, det dekadente Vesten og sionismen som hovudfiendar, og med Koranen som leiestjerne, i staden for Marx og Lenin.
I 2011 kom pamfletten om EU, Det myke monsteret Brussel eller umyndiggjøringen av Europa. Ei kritisk skildring av eit oppsvulma byråkrati i Brussel og ein union med demokratisk underskot.
Som ein pamflett, men i Samtiden, kan ein òg rekna oppgjeret hans med utanriksdekninga i norske dagsaviser i 2002. I artikkelen reduserer Enzensberger Dag og Tid til ei avis «som utmerker seg som kurér for landsens skikk og synsmåter».)
Domen var hard: «Dermed gjenstår til slutt bare å løse følgende gåte: Hvorfor det norske publikum – selv om et museklikk stiller størstedelen av verdenspressen til disposisjon – finner seg i det urimelige kravet fra noen avisutgivere som i årevis har arbeidet for å bevise at de er overflødige.»
Mest kjend i Noreg er Norsk utakt frå 1984, ei lita flis av ein pamflett med stor skrift og mykje luft som forlaget klarte å pressa opp i 100 sider. Men Enzensbergers polemiske diagnose av Noreg i denne vesle boka, fordelt på 19 småstykke, skapte stor debatt og har vorte ståande som eit interessant utanforblikk på Noreg og nordmenn.
Og Enzensberger hadde autoritet, for han hadde budd fleire år i Noreg og har ei dotter som bur her. Dessutan er vi alltid begeistra for utlendingar som skriv om oss.
Eg fekk vita om boka då filosofen Hans Skjervheim kom bort til meg på Voss folkeboksamling:
– Har du lese Enzensberger, spurde han.
– Nei. Kven er det?
– Han er tyskar. Du må skaffa deg Norsk utakt. Boka er kjekk å lesa, og han får deg til å tenkja. Det er tilsynelatande innsiktsfullt, det han skriv, men eg trur ikkje Noreg er slik han skildrar det. Eg trur han lurer oss.
Det er det eg hugsar best frå samtalen – «Eg trur han lurer oss!» – og at Skjervheim var engasjert. For Enzensberger skapte debatt og var nettopp ein som med ironi og polemisk kraft kunne skildra verda på nye måtar, og som det var umogeleg å stilla seg likegyldig til.
Og han var nyfiken og undervegs. Såleis var det ein forfattar med eit anna verdsbilete som gav ut Skrekkens menn, enn han som hadde skrive Den store vandringen 13 år før.
Vi trykkjer her den mest kjende artikkelen frå Norsk utakt: «Flekkefjord-syndromet». Sosialantropologen Cato Wadel hadde tidlegare nytta Flekkefjord som eit døme på det gode livet i småbyen.
Men då Enzensberger kom dit ein laurdag ettermiddag, opplevde han Flekkefjord som ein stengd by med eit kunstig liv på Hotell Maritim. Noreg var ikkje i takt med det kontinentale Europa, men i utakt.
Svein Gjerdåker er ansvarleg redaktør i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.
Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons
Elektromagnetisk krigføring
Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.
Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.
Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB
Blottet for etiske refleksjoner
Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.
Teikning: May Linn Clement
Votten
Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.
Foto: Albert Madsen
Kapital, kjærleik og Scandinavian Star
Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.