Elsk meg sakte

Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

Går du inn på eit kjøkken i dag, finn du gjerne dyrt og blankpussa kjøkkenutstyr ståande på rad og rekkje på benken. Diverre er talet på fancy apparat ofte omvendt proporsjonalt med eigarens kunnskap om matlaging. Men finn du ein saktekokar, stiller saka seg annleis.

Saktekokaren (slow cooker eller Crock-Pot) blei funnen opp av Irvin Naxon (fødd Irving Nachumsohn). Han hadde høyrt bestemora fortelje om langkokegrytene til mor hennar, slik ho brukte dei i shtetlen – ein jødisk landsby – sin i Litauen i gamle dagar. Rettane inneheldt gjerne bønner og kokte i omnen i om lag tolv timar. Dermed tok ingeniør Naxon saka i eigne hender. Saktekokaren er i dag meir avansert enn den opphavlege, men likevel ei såre enkel innretning: Han står på benken og kokar rett og slett mat sakte på låg temperatur. Dermed kan du sette han på om morgonen og ha ferdig middag når du kjem frå arbeid. Han kokar aldri over.

Saktekokaren kom på marknaden samtidig med at amerikanske kvinner begynte å jobbe utanfor heimen (ca. 1950), noko som raskt gjorde han populær.

I vår tid, da alt skal gå føre seg i digitalisert rasande tempo, og alle måltid skal være ferdig på eit kvarter, er sakte mat ei redning og velsigning. Sjølv kjøpte eg saktekokaren min for mange år sidan, og eg har lært å elske han djupt og inderleg. Eg kan til dømes putte oppi ei heil (gjerne frosen) høne saman med gulrot, sellerirot, lauk, laurbærblad og vatn i kokaren om morgonen. Etter fem timar kan eg sile krafta og lage (O, lykke!) hønsefrikassé: Smør og mjøl blir spedd med krafta, så har du i snitta gulrot og purre på slutten av koketida, og hønsekjøtet. Gløym ikkje hakka bladpersille, ein dæsj fløte og ein god skvis sitron i gryta før servering. Rimeleg, berekraftig, næringsrik og sunn mat. Og djevelsk godt.

Den gryteretten herr Naxon høyrde den jødiske bestemora fortelje om, heiter cholent. Retten er vanleg under sabbaten, der den religiøse regelen er at ein ikkje skal halde på med eld og matlaging. Men det er lov dersom kokinga byrjar før sabbaten set inn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement