Elsa Kva ville ho med livet?Elsa (1877–1931) var ein samisk politisk pioner som levde i grensetraktene mellom Noreg og Sverige, i området

Sameaktivist og politikar Elsa Laula Renberg (1877–1931).
Sameaktivist og politikar Elsa Laula Renberg (1877–1931).
Publisert

Elsa Laula Renberg (1877–1931) var ein samisk politisk pioner som levde i grensetraktene mellom Noreg og Sverige, i området Vilhelmina–Mosjøen. Ho er mest kjent som drivkrafta bak det første samiske landsmøtet, som vart halde i Trondheim i februar 1917. Opningsdagen for møtet har gjeve datoen for Samefolkets dag. Elsa Laula gifta seg med Thomas Pedersen Toven i 1908, og begge tok etternamnet Renberg. Ho vart verande på norsk side resten av livet.

Kva var den viktigaste boka hennar?

Elsa Laula gav berre ut éi bok. Ho vart til gjengjeld viktig: Inför lif eller död – Sanningsord i de lappska föhållandena. Boka var Lapparnes Centralförbunds første politiske program. Eit langt meir radikalt program enn kva noko samisk forbund eller politisk parti kan varta opp med i dag. Boka var òg den første boka gjeven ut av ein same, og ho har enno samisk opplagsrekord: 6000 eksemplar.

Kva meinte ho om samtida?

Ho var optimistisk. Ho levde i ei tid då Europa var i støypeskeia, og både Noreg og Finland kasta av seg koliniåket på denne tida. Ho ville skipa ein eigen samisk stat. Sett i ettertid kan ein seia at dette var svært optimistisk. Ho skifta då òg mål undervegs – frå å arbeida for eit samisk land for alle samar til å få til rettar for reindriftssamar. Elsa var uroa for fornorskinga og ønskte samiskundervising i skulen. Ho var òg kritisk til utviklinga i reindrifta, som gjekk bort frå mjølking av simler og bruk av reinmjølka til rein kjøtproduksjon.

Kva innverknad hadde ho på ettertida?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement