Reportasje
Elleve år med søknader og byråkrati
Å få lov til å byggje eit hus – kor vanskeleg kan det vere? Det kan ta si tid når brev skal sendast fram og tilbake til kommune, statsforvaltar, Sivilombodet, Vatn og avløp, naboar og arkitektar.
«Ombudsmannen spurte Fylkesmannen hvordan utnyttelsesgraden for eiendommer som ikke er behandlet etter reguleringsplanen, er relevant ved vurderingen av om hensynene bak en bestemmelse i reguleringsplanen blir vesentlig tilsidesatt.» Sivilombodet 19. april 2016, i brev til statsforvaltaren om søknaden min.
Eigentleg tenkte eg å opne med eit kort sitat, men korte setningar var vanskelege å finne, trass i at permen med søknadspapir er tjukk. Sitatet er henta frå eit brev der Sivilombodet ber statsforvaltaren behandle saka på ny. Saka handlar om ei draumetomt på Rennesøy, ytst ute i Ryfylke, der eg og sambuaren min ville byggje hus.
Tomta var regulert gul og i utgangspunktet klar til byggjast på. Ho låg rett ved sjøen. På fine dagar vert staden, når vinden løyar, til ei lun badevik, og eit morgonbad vil ikkje vere utenkjeleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.