Elen Bernhoft (1637–1704):Dei styrde tankaneDet vesle verset «Jesus, styr du mine » frå seint 1600-tal er ein songtekst som i nær 200 år heldt seg levande på folkemunne før han vart prenta for fyrste gong for 150 år sidan. Teksten er eit godt døme på kor

Anders Bernhoft (1663–1695), son til Elen Opstad Bernhoft.
Anders Bernhoft (1663–1695), son til Elen Opstad Bernhoft.
Publisert

Det vesle verset «Jesus, styr du mine tanker» frå seint 1600-tal er ein songtekst som i nær 200 år heldt seg levande på folkemunne før han vart prenta for fyrste gong for 150 år sidan. Teksten er eit godt døme på kor viktig salmane har vore i songtekstskrivinga etter at morsmålet rudde seg plass i det religiøse språket med reformasjonen for 500 år sidan.

VERSEMÅLET

Då skriftpoetane på 1600-talet byrja å nytta morsmål i staden for latin, kom det ikkje berre av reformasjonen, bibelomsetjingane og prenteverka, men òg av at dei no knekte den metriske koden. Det tok tid før dei skjøna at dei på morsmålet ikkje kunne nytta versemåla frå antikken, men måtte lytta seg til ein talestyrt metrikk tufta på trykket, i ei regelbunden veksling mellom tunge og lette stavingar – slik det no har vore i nær 400 år.

Koden vart knekt av Nidaros-biskopen Anders Arreboe (1597–1637) som kunne egna seg fullt og heilt til diktinga då han grunna lystig livsførsel mista prestestillinga og vart brødfødd av ein rik svigerfamilie. Gjennombrotet hans var nok avgjerande for Danmark-Noregs store generasjon av barokkdiktarar og salmistar: Thomas Kingo, Dorothe Engelbretsdatter og Petter Dass, alle fødde kring 1640.

No kunne dei ambisiøse diktarane skriva vers like naturlege og songbare som folkeviser og salmar. I songtekstane var den metriske koden alt knekt av melodien og songen.

BERNHOFT-DIKTARANE

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement