Teknologi
Elektrisk korona
Figur 1. Ionisering av luft (korona) på ein høgspentleidning. Legg merke til at det er mest utlading langs kantar der ladingstettleiken er størst.
Kjelde: Wikipedia Nitromethane
Svigerfar var heldig. Etter at han hadde bygd hytte på Haugastøl, vart Bergensbanen elektrifisert, i 1964, slik at kolrøyken frå lokomotiva forsvann. Det var berre éin hake: Svigerfar fekk store kraftliner rett framføre hytta. Dei skulle gje energi til omformaren på Haugastøl stasjon.
Energien kom frå Ørteren kraftverk, som vart bygd rett ved sida av hytta, og til alt overmål senka Oslo Energi strandlinja med 30 meter framføre hytta for å få ut endå meir energi.
Det neste som råka svigerfar, var ei 240 kV kraftline mellom Sima og Dagali. Ho skulle etter planen gå rett over hovudet på han, men vart i siste liten lagd litt lenger sør. Kona mi elska å høyra på knitringa frå desse Bjartmar Gjerde-staurane når me gjekk på ski forbi i sluddvêr.
Kvifor knitrar det? Av di eit elektrisk samanbrot ioniserer lufta rundt leidningane. Dette vert kalla korona. I tørt vêr treng ein om lag 3 kV per millimeter for å få overslag, men når det er fuktig, mindre. Du har sikkert opplevd det same når du har tatt av deg ein ullgenser i mørkeret og sett lysglimt. Lokal korona.
I luft resulterer korona i ozon (O3), nitrogenoksid (NOx) og salpetersyre dersom det er vått. Kan det brukast til noko, bortsett frå å gje vakre lydar og lysglimt? Ja, koronaeffekten kan produsera ozon og reinsa inneluft og røyk frå kolkraftverk.
Det er berre å ta seg ein tur til Jula eller tilsvarande og kjøpa seg ein ozongenerator. Då ozon er eit særs reaktivt stoff, må det lagast der og då, og då gjerne ved hjelp av elektrisk samanbrot som ioniserer lufta og får oksygenmolekyl til å slå seg saman, O+O2=O3. Ozon kan fjerna partiklar og vond lukt i heimen, men hugs at ozon ikkje er sunt i store dosar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.