Reportasje

¿ Eit vakkert land

Altfor seint finn eg ut at Themsen ikkje er ei elv. Men så kjem eg meg opp i høgda og får eit perspektiv på Themsen og livet.

Her drukna Peter Pan og venen Rupert Buxton. Var det ei ulukke? Eller var det ei sjølvmordspakt?
Her drukna Peter Pan og venen Rupert Buxton. Var det ei ulukke? Eller var det ei sjølvmordspakt?
Publisert

Lytt til artikkelen:

Frå elva høyrest taktfaste åretak akkompagnerte av stønn. Ooh! Pause. Ooh! Pause. Ooh! Eg kryp ut av teltet og ser dei smekre konkurranserobåtane gli forbi. På sykkel jagar trenarane etter med éi hand på styret og éi hand om megafonen. Korte kommandoar skjer gjennom morgonstilla, men eg har korkje høyrsel eller vokabular til å få med meg kva dei seier. Eg ser på klokka, 07.29 GMT.

Det har regna i natt, graset er vått, teltet er vått, og det dryp frå dei lauvtunge trea som kransar grassletta ved klubbhuset til sjøspeidarane i Oxford. Sola ligg alt høgt på austhimmelen, og der kjem Dale krabbande ut av teltet, det begynner å bli vel heitt der inne. Han strekker armane stivt i vêret, geispar og stryk tilgjort over høgre underarm. Han har verk, seier han. Hm, seier eg.

Mens Dale leitar fram stormkjøkenet for å steike bacon, tek eg ned teltet, trekker pluggane opp av den blaute marka og heng den våte teltduken til turk over ein vegbom. Eg får låne teip av Dale og limer ei remse over skruen der kajakken lek. Så set eg meg til på betongkaien med guideboka. Eg blar og blir motlaus. Langs strekka vi padla i går, ligg mykje vi burde utforska nærare – kyrkjegarden i Wolvercote (vo’lve–kødt) til dømes, den vesle landsbyen som ligg like etter brua til motorvegen A34. Der er J.R.R Tolkien gravlagd, professor i angelsaksisk språk og forfattaren av Ringenes Herre. Uvitande padla vi rett forbi. No er eg ikkje oppteken av hobbitar, og det er tvilsamt om eg ville brydd meg med å gå i land, men det hadde vore greitt å vite. Og ruinane vi såg ved slusa nokre hundre meter nedanfor, var klosteret Godstow Abbey (gådd–støuv æbbi). Dale spurde meg kva ruinar det var, men eg visste ikkje. Hadde eg hatt guideboka for handa, kunne eg fortalt at det var der den vakre Rosamund budde, vidgjeten for venleiken sin og med tilnamnet Verdas Rose. Rosamund Clifford var elskarinna til Henrik II og fødde han to søner. Då det blei kjent, sende dei henne i kloster, der ho døydde i 1176, nokre og tjue år gamal. Det er opplagt at slike drypp av informasjon undervegs gjer turen meir spanande og padlinga mindre keisam.

I dag må eg hugse å legge boka i cockpiten, eg må følgje med, og så må eg gå i land. Ofte.

Vi et. Steikt bacon på brungråe skiver. Brødet smakar likt som i går, det vil seie ingenting, og det same ville det nok smake om ei veke, dei myglar aldri, desse syntetiske, britiske brøda. Flesket er salt og seigt, og den tause tygginga får meg til å tenke på mannen vi såg ved ei av slusene i går ettermiddag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement