Sjakk

Eit sjakkdrama som endra VM-historia

Verdsrekorden i det sjette partiet knekte den russiske VM-utfordraren.

Carlsen kunne ikkje tru det han såg i parti 8, medan motstandaren forskansa seg i pauserommet.
Carlsen kunne ikkje tru det han såg i parti 8, medan motstandaren forskansa seg i pauserommet.
Publisert Sist oppdatert

Det ville vore historielaust å seia at Carlsens femte VM-kamp sidan 2013 har vore spesielt dramatisk. Dramaet var større mot Karjakin (2016) og Caruana (2018), der duellane gjekk til omspel. Fischer, Karpov og Kasparov har òg gjeve sjakkverda meir spaning. Men sidan Steinitz vann den fyrste offisielle verdsmeisterskapen i 1886, har det aldri vore spela noko liknande som det sjette VM-partiet mellom Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij.

Sjette parti

Partiet hadde alt, inkludert ein verdsrekord: Det er det lengste partiet i VM-historia, med 136 trekk. Viktor «den grufulle» Kortsjnoj sette verdsmeister Anatolij Karpov patt etter 124 trekk i 1978. Men Carlsens rekord førte til siger og endra alt. I eit større perspektiv gav partiet oss ny tru på klassisk sjakk og den tradisjonelle VM-duellen over nokre veker i haustmørkeret.

Den mest lokale endringa kom i sofaen til Ola Nordmann denne fredagskvelden. Partiet varte i sju timar og 45 minutt, med TV-sending i åtte og ein halv time. «Dei har spela i nesten sju timar!» sa NRK-kommentator Torstein Bae – og bomma med éin time. Slik er berre den klassiske sjakken: Ein time frå eller til, kva gjer det. Det er difor tradisjonsbundne sjakkspelarar elskar langsam sjakk, det er ei form for meditasjon der ein gløymer tida og verda.

Nepomnjasjtsjij vil aldri kunne gløyma dette partiet. Diverre for russaren kunne han ikkje rista partiet av seg den fyrste natta, den andre natta, den tredje natta … Carlsen, som er kjend for å sova som ein stein (hans fremste eigenskap som sjakkspelar, ifylgje Simen Agdestein), fekk heller ikkje sova etter det sjette partiet. Inntrykka var for sterke.

Partiet var minst «tre parti i eitt». 136 trekk delt på 3 = 45 trekk, normallengda på eit hardt parti. Sigeren til Carlsen var ikkje berre eitt poeng i tabellen. Det var i praksis tre poeng. «Eg hadde ikkje vunne parti 8 om eg ikkje hadde vunne parti 6», sa Carlsen seinare. Og det same kunne ein seia om parti 9.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement