Historie
Eit politisk-litterært hugskot
Skilsmisse mellom England og Skottland?
Slaget ved Culloden, måla av David Morier i 1746.
Det er brexit-tider og triste dagar for kjærleikstilhøvet mellom England og Skottland. På sikt kan det gå mot full skilsmisse. Ein ser representantane frå Det skotske nasjonalistpartiet snakka og snakka i Parlamentet i Westminster, snakka og snakka, og ein tenkjer: Kvifor slik endelaus tale når toryane på regjeringsbenken for lengst sit og aktivt ikkje høyrer på? Svaret er sjølvsagt at dei snakkar til sine eigne framfor TV-apparata, og at slik fungerer partipolitikken.
Heilt annleis er det likevel å sjå representantane frå det irske unionistpartiet, DUP, som Boris Johnson no vil stenge bak ei tollgrense i Irskehavet: Dei er rasande, naturlegvis, men dei kastar ikkje bort tida med retorisk overdriving, dei kuttar beint til poenget så det lyser i salen.
Det lèt seg òg enkelt forstå: Unionistpartiet vart ei avgjerande brikke i brexit-prosessen då Theresa May miste Tory-fleirtalet i parlamentsvalet i 2017. No er dei skuffa og rasande, men dei er òg unionistar og vil sjølvsagt ikkje inn i ein irsk stat der dei som protestantar vil vere i mindretal. Nasjonal retorikk høver ikkje, men timen kan jo kome då dei faktisk må akseptere å gå inn som organisatorisk del av den irske nasjonen.
Så kan hende parlamentssalen i Westminster snart berre vert for engelskmenn og walisarar, om skottane følgjer nasjonalistane. Little Britain? Ein kan høyre svaret frå Vera Lynns røyst: «There will always be an England.»
La oss her gløyme Irland. Ein gong fanst det òg eit britisk Skottland, eit Skottland der sir Walter Scott sat i London og skreiv verdskjende romanar så blekket spruta. Eit Skottland der dronning Viktoria og Albert bygde Balmoral slott og var store delar av året, slik dronning Elisabeth til dels enno er; eit Skottland med klanar og sekkepiper og skjørt for knallharde menn, ikkje lenger latterleggjort og frykta som barbarisk, men elska i England og av mest heile verda; eit Skottland der vi alle syng – med Robert Burns – om det som er lenge sidan; eit Skottland like imperialistisk og kolonialistisk som noko England, og der Stanley finn Livingstone midt i Afrika med understatement i replikken: «Mr. Livingstone, I presume?»
Men før dette kjærleikstilhøvet for alvor kom i gang, fanst det òg eit Skottland, må vite: eit Skottland med ei dronning – Maria Stuart – så dramatisk i politikken og kjærleikslivet at berre egyptiske Kleopatra kan konkurrere.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.