Eit øyrike med røter
JAPAN: For dei fleste er det no barnelærdom at fenomen som folk og nasjon berre er konstruksjonar, men i Japan kan ein likevel byrja å lura.
Ei tradisjonskledd ungjente reinsar seg utanfor templet før ho skal møta presten i ein innviingsseremoni.
Alle foto: Håvard Rem
Me tenkjer gjerne på innovasjon og tradisjon som motpolar i eit samfunn: Er det mykje av det eine, er det tilsvarande lite av det andre. Eit samfunn er anten i hovudsak innovativt eller tradisjonelt, tenkjer mange. Men Japan passar så dårleg inn i ein slik modell at kan henda modellen er dårleg. For her i landet er innovasjonsgraden høg og synleg, som seglet på eit skip eller krona på eit tre. Men tradisjonane er ikkje mindre sterke. Dei er som kjølen og røtene som ber seglet og trekrona.
Individ
Noko liknande gjeld i Japan for tilhøvet mellom samfunn og individ. Det er annleis enn i Vest-Europa. Me deler gjerne land og kulturar inn etter kor kollektivistiske eller individualistiske dei er, men i Japan verkar den motsetnaden like kunstig og konstruert som motsetnaden mellom innovasjon og tradisjon. Jau, japanarar flest har ei djup og rotfesta kjensle av å høyra til eit kollektiv, men samstundes ter dei seg meir individualistisk enn me er vande med at folk gjer i Vesten.
Nei, ikkje på alle område og ikkje i utsjånaden. Unge japanarar kler seg i dag meir vestleg enn unge i Vesten. Menn går i mørk dress, kvinner i mørk drakt. Kleda er som ei uniform. Japanarane er framleis eit krigarfolk. Millionar av forretningsfolk er soldatar i ein økonomisk krig med omverda, ein krig ein må vinna for å overleva.
Men å uttrykkja individualiteten med utsjånaden, med tatoveringar, piercingar og grønt hår, overlèt dei til unge vesteuropearar. I Tokyo møtte eg to unge vonbrotne kvinner frå Noreg som hadde tinga rom på eit hotell med eige spa, men i spaet var dei ikkje velkomne av di dei hadde tatovert seg overalt.
Et med ein framand
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.