Reportasje
Eit hòl i hagen
– Berre lån deg ein minigravar i nokre timar, så får du det vekk.
Eg står framom huset, på det som ein gong var ein plenflekk eg kunne setja meg ned på, men som dei siste åra, og spesielt det aller siste, har blitt eit gjørmehol eg nektar borna å leika ved, for dei vert så våte og skitne.
Området er forma nesten som ein rettvinkla trekant der den lengste kateten, som er ni meter, ligg parallelt med huset, tre meter frå grunnmuren. Langs både hypotenusen og den korte kateten skrånar plenen seg oppetter steinar og berg.
No har eg funne ein spade og ei trillebår og begynt å grava i plenen, på det våtaste punktet. Målet er å finna ut kva som gjer at vatnet samlar seg her, og så leia vatnet vekk.
Berre ein hekk skil sørpeplenen og vegen som alle naboar må passera om dei skal nordover.
Det er litt rart, eg kan vera inne heile dagen, men går eg fyrst ut døra for å gjera noko hagearbeid, kan du skriva opp at eg vert hefta. Eg har ikkje teke mange spadetak før det fyrste hovudet stikk fram.
– Grev du? Kvifor det? Kva skal du laga her, då?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.