Reportasje
Eit døger mot nord
Augneblinken då eit tog rullar ut frå stasjonen, då veit ein kva tid er.
Husa er ikkje som heime. Men elles er det vanleg, trass alt.Husa er ikkje som heime. Men elles er det vanleg, trass alt.
Lytt til artikkelen:
St. Petersburg, Leningrad, Petrograd, vi bur i Italienskaja-gata, internasjonale som vi er. Et georgisk katchapuri og drikk den gode vinen frå der borte i Kaukasus, området som har gitt namn til rasen vår i den omstridde raseteorien. Eg hugsar nølinga ved innreise til USA. I kva boks skulle eg hake av, og kvifor visste eg det ikkje? White Caucasian, eg er jo kremkvit nordmann, bergensar og stril.
Vi er internasjonale, liker vi å tenkje. Men likevel: Det er verkeleg ikkje OK å sjå Billy-hylla frå Ikea overalt der ein forflyttar seg. Turistbrosjyrar på fleire språk ligg i resepsjonen saman med bunkar av kupongar med rabattar ein kan få på elvecruise på Nevskij, reklame for autentisk mat med engelsk meny, nattklubbar og sightseeing i glorete bussar.
Dove-såpe i dusjen. St. Petersburg, eit multinasjonalt konsept.
Alle stader liknar ein stad eg har vore før. Set eg føtene på ein italiensk restaurant, føler eg at eg er i Liguria, sjølv om han ligg i Bergen. Og når eg et pasta i Milano, trur eg at eg er heime. Forvand og avstumpa, utakknemleg og med sanseapparatet tilstoppa av smuss. Men er det rart? Sjølv i Brodskij-kabinettet i Akhmatova-museet, vigd nobelprisvinnar Josif Brodskij og den lange venskapen han hadde med Akhmatova, hang den same tidsskrifthylla frå Ikea som vi har heime på do. Eg greier ikkje sjå forbi det.
Noko er gale. Eg er blitt blasert. Verda har blitt ein hotellvestibyle. Dessutan er det uetisk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.