Essay

Ein vinter med afghanarar

PORSANGER: Flyktningkrisa i 2015 fekk store ringverknader jamvel på småe stader i Noreg. Det eg veit om Afghanistan, lærte eg i Finnmark.

Publisert

Dei var tretti. Eit par var brør, dei andre kom åleine. Tretti gutar frå Afghanistan, i mørketida i Lakselv. Framande fuglar, så klart. Men kunne det likevel tenkjast at dei høyrde til her, på eit eller anna vis?

Det var i desember 2015. Eg hadde arbeidd eit års tid som vikar ved Lakselv vidaregåande skule, og sant å seia var eg ikkje sikker på om det var lærar eg ville vera. Då avdelingsleiaren kom og sa at stillinga mi snart ville forsvinne, tenkte eg at det kunne vera lagnaden som ordna det såleis. Men avdelingsleiaren hadde eit godt nyhende òg, nemleg at han visste om ein ny jobb til meg.

Mottak

I dei dagane vart det opna ikkje mindre enn fire asylmottak i Porsanger kommune, som har litt under 4000 innbyggjarar. Eitt låg i Skoganvarre, nokre mil oppover Lakselvdalen i retning Karasjok. Eitt låg i Børselv, den vesle kvenbygda på austsida av fjorden, og eit tredje på Stabbursnes på vestsida. Nokså grisgrendte stader, alle i hop, nesten heilt utan tenestetilbod – berre Børselv har butikk.

Men eitt mottak låg sentralt, midt i indrefileten av Porsangers kommunesentrum Lakselv, og det var mottaket for dei tretti afghanske gutane. No skulle dei få lære norsk. Helvta av dei var så unge at ungdomsskulen fekk ansvaret for dei. Den andre helvta, i 16–17-årsalderen, skulle få norskopplæring gjennom den kommunale vaksenopplæringa. Til dette trong dei minst eitt ekstra hovud – gjerne meg.

Eit halvt år fekk eg i lag med desse gutane. I ettertid kjennest denne korte perioden som ein vesentleg del av livet mitt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement