Ein stjerneaugneblink – eller eit legendarisk mistak av Trump?Historia kan avhenge av éi einaste avgjerd. Ei slik gjeld snart Nord-Korea.

Historia kan avhenge av éi einaste avgjerd. Ei slik gjeld snart Nord-Korea.

15. april i år feira Nord-Korea 105-årsdagen til Kim Il Sung med å vise fram atomvåpenet som kan nå heilt til USA.
15. april i år feira Nord-Korea 105-årsdagen til Kim Il Sung med å vise fram atomvåpenet som kan nå heilt til USA.
Publisert

Om du vantar ei bok å lese på stranda (eller under haustjakta), vil eg leggje inn eit godt ord for Stefan Zweigs Evige øyeblikk. Tolv historiske miniatyrer. Boka, med den tyskspråklege tittelen Sternstunden der Menschheit, kom ut i 1927, og er no så godt som gløymd. Mi interesse vart vekt da ein ven i Beijing fortalde meg at det var den siste vestlege boka Wang Qishan rosa overfor kollegaene sine i den faste komiteen i politbyrået. (For nokre år sidan var det Alexis de Tocquevilles Det gamle regime og revolusjonen; seinare boka til den australske historikaren John Hirst, The Shortest History of Europe.)

Det løner seg alltid å vite kva herr Wang les. Som leiar for antikorrupsjonskommisjonen til det kinesiske kommunistpartiet, vert han sett på som den nest mektigaste mannen i Kina etter president Xi Jinping. Den faste komiteen fattar dei viktigaste avgjerdene i Folkerepublikken (der innbyggjarane utgjer ein femtedel av alle menneska på jorda), og er utan tvil den mektigaste bokklubben i verda. Når vi no nærmar oss det som kan vere den neste avgjerande augneblinken i historia, burde vel vi òg vite kva vi bør sjå opp for.

Til vanleg, skreiv Zweig, «gjer historia kjenslelaust og vedvarande ikkje noko anna enn å føye lekk for lekk til den enorme kjeda som strekkjer seg gjennom tusenåra». Svært sjeldan er det likevel slik at «ein kritisk augneblink hender i verda», ein augneblink som er «avgjerande for tiår og hundreår (...) ein einaste augneblink som avgjer og bestemmer alt: eit einaste ja, eit einaste nei, eit for tidleg eller for seint gjer den stunda ugjenkalleleg for hundre generasjonar». Zweig, som var frå Wien, kalla slike augneblink Sternstunden – «stjernestunder», kan hende best omsett til «stellare augneblinkar».

Ein del av sjarmen ved Evige øyeblikk. Tolv historiske miniatyrer er det særeigne ved utvalet til Zweig. Tre av hendingane som er skildra, er berømte i politisk historie: ottomanane si erobring av Konstantinopel i 1453, Napoleons nederlag ved Waterloo i 1815 og Lenins tilbakevending til Russland i 1917. Andre er mindre sjølvsagde, men likevel viktige i historia om oppdagingar og økonomi: Balboas første glimt av Stillehavet, John Sutters oppdaging av gull i California og det lagnadstunge kappløpet mellom Scott og Amundsen mot Sørpolen.

Som eit litterært menneske var Zweig òg oppteken av stellare augneblinkar i kunsten: Händels «gjenoppståing» etter eit alvorleg slagtilfelle slik at han kunne skrive den udødelege Messias, den siste kjærleikshistoria som inspirerte Goethe til å skrive Marienbad-elegien, at Dostojevskij slapp unna avretting i siste liten, og Tolstojs merkelege død på Astapovo-stasjonen. Likevel er det til dei tre første lesaren vender attende.

Konstantinopels fall er, i forteljinga til Zweig, i hovudsak eit resultat av omsynslause overslag av den unge ottomanske sultanen, Mehmet erobraren. Den avgjerande sprekken i byens forsvarsverk var likevel resultatet av at ein ussel byport, Kerkoportaen, stod på gløtt av rein vanvare. «Det baud seg eit høve i ein blunk (...) den gløymde døra avgjorde verdshistoria.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement