Historie
Ein prinsippfast pragmatikar
Hagbard Emanuel Berner var ein praktisk institusjonsbyggjar som evna å arbeide langsiktig, men også ein mann som kunne stå hardnakka på prinsippa sine.
Hagbard Berner vart fødd i Sunndal 12. september 1839 og døydde i Kristiania 24. januar 1920.
Foto: L. Szacinski
Hagbard Berner er best kjend som grunnleggjar av Det Norske Samlaget og som fyrste redaktør i Dagbladet. I dag er det nøyaktig 100 år sidan Hagbard Berner døydde, 80 år gamal. Han kom inn i det offentlege livet i 1860-åra som representant for tidas unge, skjeggete og radikale menn. Det nittande hundreårets sekstiåttarar, kan vi kalle dei. Akademikarar med bakgrunn frå middelstanden, som følte seg utestengde av ein eldre generasjon med konservative, systemtrugne embetsmenn, politikarar og avisredaktørar. Akkurat som det politiske oldebarnet deira hundre år seinare.
Berner såg tidleg kor viktig det var med organisering av det politiske engasjementet, viss ein skulle ha noko håp om å vinne fram på sikt. Det starta i Døleringen, som samla seg rundt Aasmund Olavsson Vinje. Ein fyrsteelvar med berre målmenn. Eller kanskje ein heller skulle seie at dei var ein hær med berre generalar. Frifantar og individualistar var det meir enn nok av i målrørsla. Evne til fokusert arbeid og organisering var det vanskelegare å få auge på. Samhandling trongst. Det var tid for Samlaget.
Demokratisk sentralisme
Hagbard Berner hadde planlagt absolutt alt, då han i februar 1868 kalla inn eit dusin handplukka menn for å førebu skipinga av Det Norske Samlaget. Dei fekk lagt på bordet utkast til lovar for det nye laget, utarbeidde av Berner sjølv, og etter at dei alle hadde slutta seg til planane, kunne Det Norske Samlaget offisielt sjå dagens lys ein månad seinare. Fyrste formann i Samlaget vart sjølvsagt Hagbard Berner, og resten er som kjent forlagshistorie.
Dei unge sekstiåttarane hadde starta det som skulle bli ei rad med skipnader av politiske og kulturelle institusjonar gjennom dei neste tiåra. I januar 1869 var tida komen for Dagbladets fyrste utgåve, og i redaktørstolen sat Berner. Her skulle han bli sitjande fram til nyttår 1880, og no blei han for alvor ein sentralt plassert politisk aktør i Noreg. Dagbladet var ei tydeleg systemkritisk venstreavis med eit krystallklårt positivistisk reformprogram. Eit program som var retningsgjevande for Berners engasjement også etter tida som dagbladredaktør.
«Folkesproget»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.