Ein nasjonal katalysator Martin Luther skapte ikkje eit felles tysk skriftspråk, men blei ein katalysator for det nasjonale.

Martin Luther skapte ikkje eit felles tysk skriftspråk, men blei ein katalysator for det nasjonale.

Til riksdagen i Augsburg i 1530 bad keisar Karl 5 om at dei som støtta Luthers lære, la fram sitt trusgrunnlag. I dette tresnittet frå 1500-talet les juristen Christian Beyer den augsburgske trusvedkjenninga for keisaren, skriven av Philipp Melanchton på tysk.
Til riksdagen i Augsburg i 1530 bad keisar Karl 5 om at dei som støtta Luthers lære, la fram sitt trusgrunnlag. I dette tresnittet frå 1500-talet les juristen Christian Beyer den augsburgske trusvedkjenninga for keisaren, skriven av Philipp Melanchton på tysk.
Publisert

Det som no er Tyskland, var på Martin Luthers tid ein del av eit tysk-romersk keisarrike med om lag 350 fyrstedømme og 20 millionar innbyggarar. Tre av fire budde på landet i sterkt klassedelte, adelsstyrte samfunn. Makt og sambandslinjer gjekk på kryss og tvers. Dialektane skilde seg ganske mykje frå kvarandre, og Luther meinte at ein avstand på 30 landmeile (225 km) var nok til at folk knapt forstod kvarandre. At det kunne ha med manglande kontakt å gjere, var ikkje eit tema.

Luther voks opp i Mansfeld i Sachsen-Anhalt og var det som Kjartan Fløgstad i romanen Det 7. klima har kalla ein språkets grensediktar. Busett i Wittenberg arbeidde Luther på grensa mellom dei høgtyske dialektane i sør og dei lågtyske dialektane i nord. Som den lærde mann han var, levde og tenkte han tospråkleg – tysk og latin, gjerne blanda.

Då han tok til på omsetjinga av Bibelen til tysk, valde han det språket som stod han nærmast, sin eigen saksiske dialekt. At det var språket til både fyrsten og keisaren, kunne ikkje skade.

Oppgåva var krevjande. Han skulle smelte element frå daglegtalen saman med talemåtane til dei lærde, og ville unngå at ordbruken blei for dialektfarga. Likevel kom mange saksiske ord og vendingar med. Det fekk ein utgivar i Basel til å utstyre Nytestamentet med ei ordliste der han forklarte eit par hundre ord for sine alemanniske lesarar. Få år seinare var den ordlista ute. På kort tid var Luthers tyske versjon blitt det allmenne språket.

Før reformasjonen var som regel berre preikene på tysk i gudstenestene. Bibelen var for dei lærde, og skulle ikkje vere allment tilgjengeleg. Sjølv blei Martin Luther 20 år før han såg boka. Den som ikkje meistra latin, gresk eller hebraisk, måtte nøye seg med dei bibeldelane som låg føre i ord-for-ordomsetjingar til tysk. Luther ville for sin del omsetje tyding, ikkje ord, og ta vare på særprega i dei ulike bibeltekstane. Som om ikkje det var nok, redigerte han Bibelen, og sette Romarbreva først, av di han meinte dei var viktigast.

Utviklinga i retning av eit nyhøgtysk fellesspråk var i gang lenge før Luther gjorde sitt. Han påskunda utviklinga og prega henne med sin måte å forme eit slikt språk på. Luther tenkte forbi alle fyrstedømme og regionale grenser i retning av ein større verdsleg fellesskap. Først ut på 1800-talet var dette felles tysk skriftspråk etablert på alle samfunnsområde, i tide til skipinga av den store tyske staten i 1871.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement