Mat
Ein månad på restaurant
Le Clemenceau – folkeleg og populær.
Eg skal ikkje selje meg inn som meir dekadent enn eg eigentleg er. Men etter 500 dagar i limbo, utan å ha sett snurten av korkje kelner eller kvit duk, sette eg i juli kursen mot utlandet og min franske yndlingsby, Vence, like ved Nice. Vence er nemleg, viss ein ser litt raust på det, ein einaste stor restaurant.
Heile den vakre gamlebyen er full av serveringsstader, og også området rett utanfor dei gamle bymurane er eit samanhengande belte av freistingar for svolten og tørsten. Innanfor få minutts gange kan du ete klassisk eller moderne fransk, laotisk, thai, vietnamesisk, kinesisk, karibisk, italiensk, filippinsk, crossover, indisk og sjølvsagt sushi, vegansk, burgarar og pizza. Så det store spørsmålet er: Kvar skal du gå?
Sjølv om eg har kjent byen i 15 år, skjer det stadig forandringar, så det er godt å ha nokre faste basar der du veit du ikkje blir skuffa. Ved katedralen ligg Le Clemenceau, familiedriven og kanskje den staden som har den mest stabilt høge omsetninga gjennom året. Det handlar sjølvsagt om at også dei lokale går hit utanfor turistsesongen, og om sommaren er det dørgande fullt på det romslege uteområdet.
Skilta seier Le Clemenceau Bar Grill Restaurant Pizzeria Glacier, så eigarane har heilgardert seg. Her får du alt. Som mange andre byr dei på «dagens» til oppunder 200 kroner, og det tiltaler sjølvsagt ein bladfyk som har råd til å gå på norsk restaurant maks éin gong i månaden. Typiske «dagens»-rettar er moules frites (blåskjel med pommes frites), carpaccio (tynne skiver av rått oksekjøtt med parmesan og olivenolje) eller dorade, ein absolutt sympatisk fisk som no òg er å få kjøpt her heime, noko eg ikkje synest ein bør gjere – eg prøver å halde meg til dei meir kortreiste slaga.
Til maten kan du drikke eit godt utval av belgisk, fransk og nederlandsk pilsner, eller ein pichet (vinmugge) av den lokale Côtes de Provence i alle variantar for ein rimeleg penge. Fleire av stadane har vedfyrt steinomn, som mellom anna tyder at dei kan by på pizza steikt som han skal: kort tid på høg varme.
Men altså – pizza? Mon Dieu, skal ein ikkje ete fransk når ein er i Frankrike? Halde seg til froskelår, sniglar i kvitlauk, nyreragu, daube og pot au feu? Jo. Men her i distriktet er den italienske påverkinga veldig sterk, på grunn av den store innvandringa av italienarar som jobba i jordbruket. Byen Nice ble dessutan tilbakelevert til Frankrike frå Italia for ikkje meir enn dryge hundre år sidan. Pizzaen har uansett erobra verda, og alle som driv restaurant, veit at pizza er ein av dei få rettane dei verkeleg kan tene pengar på. Det unner eg dei.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.