Ein brite frå Japan

Søndag får den japansk-engelske forfattaren Kazuo Ishiguro (f. 1954) Nobels litteraturpris.

Kazuo Ishiguro held pressekonferanse heime i London etter kunngjeringa om at han har fått Nobelprisen 5. oktober 2017.
Kazuo Ishiguro held pressekonferanse heime i London etter kunngjeringa om at han har fått Nobelprisen 5. oktober 2017.
Publisert

I grunngjevinga heidrar Svenska Akademien Kazuo Ishiguro for romanane hans, som «med stor emosjonell kraft har avdekt avgrunnen under vårt illusoriske samband med verda».

Prosaen til den japanskfødde diktaren er gjennomstråla av ekvilibristiske variasjonar – eg er freista til å skriva «ekvilibritisk», men Ishiguro held seg unna dumme ordspel – mellom amerikansk engelsk, moderne popengelsk, innvandrarengelsk og stiff upper lip-engelsk, det siste når han skriv om overklassen i mellomkrigstida.

Rotløysa hans frå barne- og ungdomsåra, etter at han kom til England som fireåring da faren fekk ei «førebels» forskarstilling, er underlaget og undertonen, råmaterialet for dei litterære figurane og det gyngande og utrygge tilværet deira.

Det usagde

Først ei historie eg har nemnt før: I 1987 var kona min og eg gjester i ein middag hos Sør-Koreas ambassadør i Oslo. Eksstatsminister Kåre Willoch og frue var æresgjester, og det japanske ambassadørparet var invitert. Eg fekk den japanske ambassadørfrua som borddame. Eg heldt meg unna krigen som samtaleemne og søkte til den nokså unge og ukjende engelske forfattaren Kazuo Ishiguro, som nett hadde gjeve ut sin roman nummer 2: An Artist in a Floating World hadde eg ikkje berre lese, eg hadde skrive om boka i A-magasinet, der eg var redaktør.

Romanen har ei subtil handling som er lagd til siste halvdel av 1940-åra i Japan. Kunstnaren har ei ugrei fortid og er trekt til side. Han betaler for at han lét seg forføra av den militaristiske japanske sjåvinismen i førkrigstida, den som fører til dei brutale japanske krigshandlingane, brotsverka medrekna, og etterkrigstida vert tung. Det er ei stillferdig bok, med ankerfeste i japanske grunnførestellingar og med det moralske oppgjeret som japanarane aldri tok, som underliggjande, murrande tema. Om dette sa eg lite.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement