JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Ein brite
frå Japan

Søndag får den japansk-engelske forfattaren Kazuo Ishiguro
(f. 1954) Nobels litteraturpris.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kazuo Ishiguro held pressekonferanse heime i London etter kunngjeringa om at han har fått Nobelprisen 5. oktober 2017.

Foto: Alastair Grant / AP / NTB scanpix

9586
20171208

Kazuo Ishiguro

Fødd i Nagasaki i 1953, flytte med familien til England i 1960.

Haika eit år i Nord-Amerika etter grunnskulen, før han tok til med å studera filosofi og engelsk.

Braut av universitetsutdanninga for å driva sosialarbeid i Glasgow. På denne tida tok han òg til å skriva litteratur.

Fullførte hovudfag i 1978 og tok atter til med sosialarbeid, no i London.

Tok ein mastergrad i skrivekunst i 1980.

Har skrive 13 bøker, seks er omsette til norsk.

Fekk nobelprisen i litteratur for 2017.

Kjelde: Wikipedia

I grunngjevinga heidrar Svenska Akademien Kazuo Ishiguro for romanane hans, som «med stor emosjonell kraft har avdekt avgrunnen under vårt illusoriske samband med verda».

Prosaen til den japanskfødde diktaren er gjennomstråla av ekvilibristiske variasjonar – eg er freista til å skriva «ekvilibritisk», men Ishiguro held seg unna dumme ordspel – mellom amerikansk engelsk, moderne popengelsk, innvandrarengelsk og stiff upper lip-engelsk, det siste når han skriv om overklassen i mellomkrigstida.

Rotløysa hans frå barne- og ungdomsåra, etter at han kom til England som fireåring da faren fekk ei «førebels» forskarstilling, er underlaget og undertonen, råmaterialet for dei litterære figurane og det gyngande og utrygge tilværet deira.

Det usagde

Først ei historie eg har nemnt før: I 1987 var kona min og eg gjester i ein middag hos Sør-Koreas ambassadør i Oslo. Eksstatsminister Kåre Willoch og frue var æresgjester, og det japanske ambassadørparet var invitert. Eg fekk den japanske ambassadørfrua som borddame. Eg heldt meg unna krigen som samtaleemne og søkte til den nokså unge og ukjende engelske forfattaren Kazuo Ishiguro, som nett hadde gjeve ut sin roman nummer 2: An Artist in a Floating World hadde eg ikkje berre lese, eg hadde skrive om boka i A-magasinet, der eg var redaktør.

Romanen har ei subtil handling som er lagd til siste halvdel av 1940-åra i Japan. Kunstnaren har ei ugrei fortid og er trekt til side. Han betaler for at han lét seg forføra av den militaristiske japanske sjåvinismen i førkrigstida, den som fører til dei brutale japanske krigshandlingane, brotsverka medrekna, og etterkrigstida vert tung. Det er ei stillferdig bok, med ankerfeste i japanske grunnførestellingar og med det moralske oppgjeret som japanarane aldri tok, som underliggjande, murrande tema. Om dette sa eg lite.

Den japanske borddama var intellektuell og skarp, og ho vart interessert i å låna romanen. Så eg sende boka i posten. Ho kom attende med eit nokså profilert fylgjebrev: Dette var noko av det mest motbydelege ho hadde lese, av ein forfattar som ikkje forstod det minste av den ærerike japanske kulturen.

Det slo meg at den unge eksilforfattaren kanskje hadde skjøna ein god del av japansk kultur, meir enn godt var for henne.

Året etter, i 1988, reiste eg til USA, så eg skreiv ikkje meir om japanske bøker, jamvel om eg har lese litt av noregsvenen Haruki Murakami. I 1987 hadde det gått 19 år sidan Yasunari Kawabata fekk nobelprisen for Go-mesteren, som skildrar ein kamp mellom to ekspertar på det kompliserte kinesiske brettspelet go, ei svært avansert form for kinasjakk. Kawabata har eg aldri fått lese, og eg las heller ikkje meir av Ishiguro før no i haust.

Etterkrigstid

Eg tok til med debutromanen hans frå 1985, A Pale View of Hills, som skildrar to kvinnelagnader i Japan etter krigen og atombombene. Den eine har fått livet øydelagt av bomba over Nagasaki. Ho tek livet sitt, kampen for tilværet er meir enn ho kan meistra. Den andre reiser til England for å finna eit nytt liv der, men òg for å finna ut kvifor dotter hennar drog dit og søkte sjølvmordet der. Ho ser det vakre engelske landskapet, men korkje det eller særdraga ved det britiske samfunnet harmonerer med det ho søkjer. Ho vert verande ein framand.

Som i romanen om kunstnaren er det alt som ikkje vert sagt, alle tema som blir liggjande som undertone, som forteiing, som dominerer handlinga – som knapt er noka handling for den lesaren som vil ha action.

Ut gjennom forfattarskapen vert Ishiguro meir og meir engelsk, men med spesielle og heilt uventa internasjonale innslag. Ein undertone av det japanske viser seg i det som godt kan kallast ein detektivroman, When We Were Orphans, som kom i 2000.

Handlinga er for det meste lagd til London i 1930-åra. Den fremste mellom dei foreldrelause er Christopher, eit einebarn i Shanghai, i den internasjonale delen av byen. Shanghai var ikkje berre ein internasjonal handelsby, dei gamle stormaktene som Russland, England og Frankrike administrerte kvar sin del av byen som minikoloni. Enno i dag finst det synlege spor frå denne tida.

Her levde Noel Coward i mange år, og så seint som i 1987, da eg var i byen som del av ei norsk forfattargruppe, spela det pensjonistiske kinesiske Dixieland-orkesteret framleis på funkishotellet på Nanking Road, kvar dag.

Foreldra til Christopher vert kidnappa og forsvinn, og guten vert eksportert til ei tante i England. Han hamnar på ein ikkje altfor fin, men anstendig kostskole, og tidleg bestemmer han seg for å bli privatdetektiv. Han skapar seg eit namn i England, men i 1937 reiser han til Shanghai for å finna ut kva som hende med foreldra. Det er året for den grufulle Nanking-massakren, og opphaldet vert dramatisk.

Men atter er det undertonen. Ishiguro er så vidt innom dei japanske krigshandlingane, med diskresjon, varsemd og forteiing. Diskresjonen er tidvis brutal og tvitydig, slik det krevst når så fæle emne ikkje skal skada japansk sjølvkjensle.

Resten og restane

Den mest kjende boka hans kom i 1989 og er omskapt til storfilm: The Remains of the Day. Tittelen kan ikkje omsetjast fordi han er dobbelttydig: På norsk heiter boka Resten av dagen, men tittelen betyr òg «restane for dagen», altså matrestar, det som fell frå dei rikes bord.

Hovudpersonen, som òg er forteljar, er ein butlar av det mest korrekte slaget. Mr. Stevens er sjef for staben på Darlington Hall, der den gamle eigaren, Lord Darlington, er skifta ut med ein amerikansk rikmann. Stevens ser seg tilbake, og teksten har like sterke band til den vanskelege fortida som vi finn i romanen om dei foreldrelause og dei to første «heiljapanske» bøkene. I mellomkrigstida var herren til Darlington Hall ein av dei engelske aristokratane som arbeidde for å betra tilhøvet til Hitler-Tyskland. Dette var The Cliveden Set, med namn etter godset Cliveden ved London, der den tyske ambassadøren Joachim von Ribbentrop – seinare utanriksminister – ofte var gjest.

Stevens er lojal mot Lord Darlington, og han lèt seg ikkje affisera av at den vaklevorne far hans døyr midt under ein middag på godset, med tyske offiserar som æresgjester. Butlaren er, som kunstnaren i den flytande verda, fascinert av spelet med dei militaristiske, og det er heller ikkje snakk om anna enn lojalitet når lorden vil senda to kjøkenjenter på dør fordi dei er jødinner.

Den nazivenlege undertonen er akkurat så subtil, men likevel tydeleg, som hos hovudpersonane i andre bøker. Språket er lytefritt og presist overklasseengelsk. Dei som hugsar filmen, vil framleis ha store vanskar med å avgjera kven som spelar best: Anthony Hopkins som butlar eller Emma Thompson som sjef for kjøkenstaben.

Mest merkeleg

Ishiguros mest ustyrlege bok heiter The Unconsoled, ein mursteinsroman som kom i 1995. «Dei som inga trøyst får» er kanskje ei brukbar omsetjing. Boka sender lesaren i dei mest utrulege retningar, og heller ikkje kritikarane visste kva dei skulle gjera. «Ei av dei merkelegaste bøkene eg kan hugsa», skreiv meldaren i Times Literary Supplement. «Nesten opplagt eit meisterstykke», skrev Anita Brookner. Eg veit ikkje heilt kva som ligg i «nesten opplagt», men at boka er merkeleg, er sant og visst.

Ein stor pianist, Mr. Ryder, kjem til ein stor europeisk by for å gje konsert, men han veit ikkje kvar eller kvifor, og heller ikkje kva han skal spela. Alle tenkelege og ein god del utenkelege komplikasjonar dukkar opp. 500 sider av dette vert i meste laget, og både i stil og komposisjon står dette nokså klårt på sida av det meste av Ishiguros verk.

Det stillfarande og det subtilt overraskande er tilbake med full kraft i novellesamlinga Nocturnes, som kom i 2009. Her legg Ishiguro for dagen ein grundig kjennskap og eit imponerande innsyn i musikkverda. Men den politiske situasjonen og samtidshistoria vår blandar seg inn, saman med treffsikre og stilsikre skildringar av vanskane landegrenser, gamle som nye, og kulturskilnader kan skapa.

Endeleg

For dei som vil ha ein stram handlingstråd og ei stram logisk utvikling når dei vel seg ei bok, er det berre eitt råd som gjeld: Gå til andre enn Ishiguro. Men vil du bli overraska med ting du er sikker på – etter at du er ferdig med boka – at du eigenleg visste og forstod, men kanskje måtte ha hjelp til å formulera, ja, da kan den japanske briten få ei fullgod anbefaling. Når han er på sitt beste – og han er ikkje alltid det, han heller – vil lesaren vera samd i at Svenska Akademien har gjort eit val som bygger opp under det satiriske utropet som kjem, kvart bidige år, når kunngjeringa kjem i Stockholm: «Äntligen!» ropar ein ukjend mann som atter har klart å lura seg inn.

Ikkje alltid på sitt beste, nei. Men gløym aldri visdomsordet «Berre den middelmåtige er alltid på sitt beste». Middelmåtig er den britiske japanaren aldri.

Per Egil Hegge

Utdrag frå eit føredrag i Sigrid Undset-selskapet, Lillehammer
28. november 2017.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Ut gjennom forfattarskapen vert Ishiguro meir og meir engelsk, men med spesielle og heilt uventa internasjonale innslag.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis