Humor

Ein bauta

Odd Børretzen klarte å kome med noko vektig utan å seie det rett ut, og da verkar bodskapen mykje sterkare.
Odd Børretzen klarte å kome med noko vektig utan å seie det rett ut, og da verkar bodskapen mykje sterkare.
Publisert

Det tok Niels Christian Geelmuyden seks år å lande ein intervjuavtale med Odd Børretzen. «Jeg liker ikke tonen i de intervjuene», var forklaringa. Da dei omsider møttest, resulterte det i bokutgiving.

For meg er Odd Børretzen den komplette humoristen, eit ikon og førebilete eg ikkje er verdig å hente tøflane til, og alltid ei kjelde til inspirasjon. Det er berre å sette på ei plate eller opne ei bok.

Da Børretzen gjekk bort i 2012, skreiv Vidar Kvalshaug: «som alle betydelige kunstnere var han akkurat passe subtil og brukte ironi omtrent før vi kunne skjønne den».

Den setninga trefte meg med eit smell: I ein alder av tjue år kunne eg den første plata til Børretzen utanåt forlengs og baklengs. Mykje av det han sa, skjøna eg ikkje fullt ut før mange år seinare, men likevel. Han blei ein farsfigur, fordi han meistra alt eg ønskte å lære da eg sjølv byrja å sysle med humor. Han kunne parodiere og imitere, og brukte ironi og satire som ingen andre her til lands, kanskje bortsett frå Dusteforbundets Fredrik Stabel.

Børretzen kommenterte samanhengar i samfunnet få andre hadde reflektert godt over. Han hadde i tillegg ei guddommeleg stemme som fekk alle til å lytte, og var aldri påtrengande og misjonerande. Han klarte å kome med noko vektig utan å seie det rett ut, og da verker bodskapen mykje sterkare.

På same måte som med Bjørn Sand med figuren Stutum blei han ofte feiltolka og misforstått av mange som ikkje skjøna satiren. Alt i 1974 adresserte han nordmenns sjølvgodheit og rasisme, med låta «Degos Calypso», med beiske og treffande parodiar, mellom anna av vestkantfruer som leigde ut hyblar til pakistanarar: «Dette er et kristent hjem, og vi vil ikke ha katolikker og muhammedanere og damer omkring på rommet. Vi skal ikke ha noe slags bordell her, vet De, fordi at vi tar Dem inn i huset. Det må De bare være oppmerksom på, at alle må være ute av huset før klokken syv på morningene. Og vi kan ikke ha en masse utlendinger rekende rundt i trappeoppgangen når folk skal ned og hente Aftenposten, det forstår De sikkert. Men koking på rommet vil vi ikke, og De må være så snill ikke å puste hvitløk som setter seg fast i gardinene og ikke er til å få av i skyllevannet.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement