Reportasje

Ei øy av stille på fattigkassa

BORGØYA: Torsdag stoggar MS «Rotvær». Dei fastbuande mistar då lovpålagde kommunale tenester. Fylket tilbaud midlar ut året, men skyssbåtselskapet takkar nei til ei kortsiktig løysing. Dei kan ikkje driva frå månad til månad.

Terje Hettervik, med slektsrøter på Borgøya, eig og driv skyssbåten «Rotvær», som syter for at Borgøya-buarane kjem seg til og frå fastlandet. No har han lagt båten ut for sal etter at det vart varsla at all offentleg stønad ville forsvinna frå og med fyrstkomande torsdag, 1. juli.
Terje Hettervik, med slektsrøter på Borgøya, eig og driv skyssbåten «Rotvær», som syter for at Borgøya-buarane kjem seg til og frå fastlandet. No har han lagt båten ut for sal etter at det vart varsla at all offentleg stønad ville forsvinna frå og med fyrstkomande torsdag, 1. juli.
Publisert

Haugalendingane pratar. Dei har mykje å fortelja. Kysten er ein møtestad. Dei kjem heim frå havet, frå Amerika, ja, heilt frå Haugesund. Kva har ikkje hendt? Drosjesjåførane sit ikkje tagale, men spør og fortel.

Står ein i kø, kjem ein i prat. Framande vert ikkje møtte med ein mur av tagnad. Nordøsterdølane lyt fyrst føla seg fram for å venja seg til menneske og munnbruk att, naturleg i eit fjelldistrikt med eitt menneske per kvadratkilometer. Dei nølande opningsminutta er her på Haugalandet reduserte til opningssekund. Så er ein i gang.

Ordskya

Haugalendingane pratar når det ikkje er meir å prata om òg. Det er vorte kveld, vitjinga er over, og ein tek avskil ute i gangen, dei siste orda heng i lufta og sig mot golvet, men under taket heng ei lampe, og då er det som om ein har sett ljoset. Tilleggsminutta kjem som ein hektisk monolog om taklampa. Kvar og når vart ho kjøpt, og har ein ikkje sjølv hatt ei slik?

Er folk i dei inste dalane meir fåmælte? Utsegnene er stuttare, og punktuma kjem tett, som hjå Tarjei Vesaas frå Vinje. Det er tryggare å lytta. «Sjølv den dumme vert rekna for vis når han teier, og klok så lenge han held munn», heiter det i Salomos ordtak (17,28). Orda gjer ein så synleg.

Og slik dølen kan skjula seg i stilla, kan haugalendingen skjula seg i ei ordsky. Alle orda gjer ein usynleg. Det er tryggare å skravla, gøyma andletet – eit fjell av tagnad, ei øy av stille ­– i ei ordsky.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement