Frå sommaren 1884 til etterjulsvinteren 1888 var Elias Blix kyrkjestatsråd i Johan Sverdrups regjering. Det kom ikkje nye salmar frå denne framleis anonyme kjelda i desse åra. Men frå og med adventstida i 1889 dukka det stadig opp nynorske salmar i vekeavisa Nordmannen, ein meir moderat konkurrent til den stadig meir radikale Fedraheimen. Tekstane er knytte til den næraste søn- eller helgedagen i kyrkjeåret. «Kling no, klokka» er ein av dei tidlege; teksten stod første gong på trykk 2. juledag 1889.
Det er tydeleg at nokon hadde ambisjonar om å lage ei heildekkjande landsmålssalmebok. Det er ein offentleg løyndom at «nokon» var professor og statsråd h.v. Elias Blix. Og i 1891 låg boka føre: Fjerde utgåva av Nokre Salmar. Gamle og nye, med 150 nummer som dekkjer heile kyrkjeåret. Etter eitt år og eit regjeringsskifte blei boka offentleg autorisert som salmeboktillegg. Kyrkjelydar som ønskte det, kunne frå 1892 synge salmar på landsmål i den offentlege gudstenesta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.