Ei ny Symra er føddKlokka fire om ettermiddagen måndag 11. juni fødde Dag og Tid-kua Ameline sin fyrste kalv – den fyrste kalven nokosinne fødd av ei Dag og Tid-ku. Kalven var velfødd og kom til ute på jordet på garden Selheim på Voss. Kua klarte det heile
Symra, her 30 minuttar gamal, fekk ein god start på livet.
Foto: Begge foto Hilde Lussand Selheim
Klokka fire om ettermiddagen måndag 11. juni fødde Dag og Tid-kua Ameline sin fyrste kalv – den fyrste kalven nokosinne fødd av ei Dag og Tid-ku. Kalven var velfødd og kom til ute på jordet på garden Selheim på Voss. Kua klarte det heile godt sjølv.
For nye lesarar kjøpte Dag og Tid i 2016 to vestlandsk fjordfe-kalvar til å ha på Dag og Tid-stølen som vi driv kvar sommar. Kyrne står på Selheim om vinteren. No er altså kalvane vorte vaksne, og den fyrste kalvinga er unnagjort. Vonleg vil den andre kua, Somrei, kalva før buføringa 1. juli.
Rapportane fortel at den nye kalven har fått i seg den verdfulle råmjølka og er i godt hald. Mora har unnagjort si fyrste maskinmjølking, noko ho tok med stor ro. Kalven liknar på mora og har den same stripa over ryggen som faren Kjell Bjarne. Full rapport om korleis det går med ku og kalv, kjem til hausten.
Og namnet på den nye kalven? Symra, kalla opp etter Aasens store diktsamling, med storfelte dikt som «Dei gamle fjelli» og «Mellom bakkar og berg».
Kusymra eller Geitsymra er ein vårblome som voks på heimegarden til Ivar Aasen og varsla om sommar. For Aasen var diktsamlinga Symra frå 1864 eit varsel om eit nytt åndsliv og ein ny litteratur med nynorsken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.