Ei mørk kriminalsogeKjærleik og kriminalitet er tema hos ein debutant som dyrkar den slåande lina.DIKT
Kjærleik og kriminalitet er tema hos diktdebutanten som dyrkar den slåande lina.
Dokumentarfilmskapar Sondre H. Bjørgum debuterer med dikt.
Foto: Morten Borgestad
Sondre H. Bjørkum er dokumentarfilmskapar, og har mellom anna laga film om poeten Triztan Vindtorn. Med debutdiktboka skapar Bjørgum kule, filmatiske bilete og setningar som fenger lesaren med ein gong. Utan tvil dyrkar han den slåande setninga, og han maktar å skape eit rom der småugne kjensler og irrasjonelle drifter rår: «avskorne fingrar på kjøkenbenken/ tomme munnar og tenner/ strødd utover golvet/ som eit dårleg planlagd bysentrum».
Nedteljing
Fyrste gong me møtest som snø har Ei nedteljing som undertittel, og startar seksti sekund før eg-personen skal treffe ei jente, slik at kvart dikt svarer til eitt sekund. Undervegs, i det som heiter del 2, utviklar dikta seg til ei kriminalsoge der ei jente vert funnen daud med ei bunadsnål tredd gjennom halsen. Hendinga dikta tel ned til, og som ligg utanfor bokas rekkevidde, høyrer me naturlegvis ikkje noko om, anna enn at det vert gjenstand for draumar og forventingar. Nedteljinga er eit originalt grep som bidreg til å skape spenning og ein fortetta atmosfære. Dessutan verkar nedteljinga samlande på dei korte, biletrike dikta som iblant spriker i fleire retningar.
Lause trådar
Som lesar vert ein uvegerleg dregen inn i dette universet som hamrar ut liner av mørk materie, uvisse og coolness. Ofte vert linene og biletelementa hengande litt i lause lufta. Somme av bileta er ikkje av den utprega originale typen heller, som «det er i alle fall meldt overskya/ mellom oss». Eit dikt byrjar stilig og urovekkande med at «sola er ei/ sirkelsag», og forklarar kvifor i linene som følgjer: «den deler døgnet i to like/ delar». Men linene som følgjer seinare i diktet, «med solskiva spinnande rundt sin eigen akse/ i handa mi// slynger eg mine solvindar/ innover fjorden», er umoglege, fordi sola er farleg og ville – som sirkelsag – ha gjort handa til eit makabert skode.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.