Ei litterær kjempe er avlidenOlav Angell er gått bort. Han har omsett ei rad av litterære meisterverk til norsk.

Olav Angell er gått bort. Han har omsett ei rad litterære meisterverk til norsk.

Olav Angell i 1993 då omsetjinga hans av James Joyces «Ulysses» kom ut.
Olav Angell i 1993 då omsetjinga hans av James Joyces «Ulysses» kom ut.
Publisert

Ei av dei store kjempene i norsk litteratur, Olav Angell, er avliden, 86 år gamal. Han er ikkje mellom namn i dag som pryder framsidene på forlagskatalogane, og han får heller ikkje hovudoppslag på NRK, som ein eller annan TV-komikar får når han går bort. Men gjer du djupdykk i den norske bokheimen, då reknar eg både med norsk og omsett litteratur, er Angell eit namn du ikkje kjem utanom. Olav Angell debuterte i 1966 med diktsamlinga Burlesk. Så fylgde ei rad diktsamlingar, romanar og minnebøker. Den siste, Det spesielle grep om tusjpennen, med eit utval av dikt og prosa, kom i 2007.

Som lyrikar freista Angell å finne eit nytt språk for norsk litteratur, det fann han gjennom ein tidsnær og jazzprega diksjon, som mange tykte var frisk og ny. Angell redigerte òg sitt eige poesitidsskrift, Poetica, og var ein av initiativtakarane bak Internasjonale Poesifestival midt i 1980-åra, som «havarerte i et hav av ubetalte regninger», som Fredrik Wandrup kallar det råkande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement