Reportasje

¿ Eg skal til Hebridane i kveld

Føremålet med turen var å vitja den vakre landsbyen Tolsta Chaolais på Lewis. Det heile enda med ein studie i krigshistoria til folket på Hebridane.

Tolsta Chaolais på Lewis på Ytre Hebridane – ein vakker landsby med ei sterk historie. Bak åskammen er det rett ut i det opne havet.
Tolsta Chaolais på Lewis på Ytre Hebridane – ein vakker landsby med ei sterk historie. Bak åskammen er det rett ut i det opne havet.
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

Eg er i Skottland, i Edinburgh og Glasgow, for å føla på stemninga før det britiske lagnadsvalet 13. desember. Men eg er rastlaus og kjenner dragnaden mot øyane i vest – mot Hebridane og Suderøyane.

Denne tilstanden har vara heilt sidan eg var i Edinburgh i fire månadar hausten 1992. Ein av studentturane då var til Skye. Det gjorde inntrykk, og sidan har eg reist til Hebridane. Alltid åleine, helst seint om hausten i november, off season, som det heiter, då er det ingen turistar der. Og vêret gjer alt røft og ekte. Men sjølv i november er det ofte sol. For det er ikkje alltid slik at eit «lågtrykk er på veg innover frå Hebridane», som dei sa på vêrmeldinga før.

Om kvelden møter eg folk på den lokale puben. Om dagen oppsøkjer eg bønder ved havet. Som journalist får ein mot og sjølvtillit til å ta kontakt med kven det skal vera – og dei fleste synest det er greitt å ta ein utlending med ut på beitet for å sjå etter buskapen.

Men eg har av ein eller annan grunn aldri vore på Ytre Hebridane, det ekte Hebridane. No skal det skje. Meininga var å ta tog og båt, men tida strekk ikkje til. Det ville teke 30 timar tur/retur. Eg kunne brukt bil og båt, men det er meldt minusgrader oppover høglandet og snøbyer gjennom Cairngorms nasjonalpark, så eg slår det frå meg. Det freistar ikkje med fleire timar i bil på vinterføre med sommardekk. Det vert fly frå Glasgow til Stornoway på Lewis.

Eit av måla er å vitja landsbyen Tolsta Chaolais. For den hausten eg budde i Edinburgh, den vakraste byen i Nord-Europa, til og med vakrare enn Bergen, fekk eg sjå eit bilete av Tolsta Chaolais på ein pub i gamlebyen. Ein tysk medstudent hadde vore i den vesle landsbyen tidlegare på hausten og var fjetra og ville ha oss med tilbake på helgetur.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement