Eg luktar, altså er eg
Pasientar fortel ofte om kraftig redusert livskvalitet om dei misser luktesansen.
Ben Whishaw (Jean-Baptiste Grenouille) og Rachel Hurd Wood (Laura) i filmen Parfymen – historien om en morder frå 2006. Foto: Constantin Film
Nasen er så mangt. Identitetsmarkør, snottprodusent og første haldeplass for det livgjevande oksygenet som skal halde kroppen gåande. Hovudmistenkt, men ikkje alltid skuldig, for desibelterrorisme nattetid. Og altså sete for luktesansen.
Kva vi skal med luktesansen? Finne mat og vurdere om han er etande. Kjenne att predatorar eller andre truslar i miljøet, som brann eller røyk. Finne ein passeleg partnar. Luktesansen held til øvst i naseholrommet, oppunder skalletaket som her er særleg tynt. På ei overflate på berre 2,5 kvadratcentimeter på kvar side sit totalt 50 millionar sanseceller av 400 skilde kategoriar.
Odorantar
Desse reseptorane, som er utskiftbare med ei omløpstid på rundt 40 dagar, kan kjenne att tusenvis av skilde luktmolekyl. Eller odorantar, som det heiter på fint. Det held med ein homøopatisk luftkonsentrasjon av ein odorant (trilliondelsnivå) for å oppnå respons hjå den rette reseptoren.
Herifrå blir informasjonen transportert opp i hjernen til luktekolben og vidare inn til det limbiske systemet, ei gruppe urgamle hjernestrukturar som ein meiner har kontroll med stemningsnivå, minne, åtferd og kjensler.
Feromon
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.