– Eg likar kaffi fordi det gir meg illusjonen om at eg kanskje er vaken

Publisert Sist oppdatert

Orda er henta frå Lewis Black, ein av USAs vittigaste menn. Han har også sagt: «Trump trur The Flintstones er ein dokumentarfilm.» Har du omlaup i hovudet som herr Black, kan det tyde på at du drikk mykje kaffi. Sjølv skriv eg aldri noko som helst utan ein rykande kaffikopp på bordet. Det funkar.

Mitt fyrste møte med kaffi var bisarre saker. Mor og far, med røter på Vestlandet, hadde ein spesiell måte å unngå matsvinn på. Dei kokte kaffi og hadde i mjølk. Så dyppa dei tørre brødskalkar i brygget til dei var heilt gjennomtrekte og smurde på ein dugeleg klatt meierismør. Så gjekk det inn i munnen i ein jafs. Eg var fire år og syntest det var himmelsk godt. Eg lèt meg ikkje forundre over at dei tilbyr kaffi med smør i avanserte kaffipalass. Italienarane dyppar jo biscotti i kaffi, og franskmannen Marcel Proust skreiv sju tjukke bind om å dyppe madeleine i te.

Mjølk i kaffien har no blitt markør for at ein har tatoveringar, bur på Grünerløkka, er under tretti år og elles ikkje anar noko om realitetane i verda. Realitetar finst som kjent ikkje i hovudstaden. Men kaffi og mjølk er ein match skapt av Vårherre. Sjølvsagt ikkje den tynne misjonskaffien som vert servert i bibelbeltet, det er ei av protestantismens største ufyser, kokt for å førebu dei truande til lidingane i skjærselden. I Noreg i dag drikk folk kvar dag kaffi som like godt kunne vore kveldsurin frå forstandarinna i kyrkjelyden. Ingen ville smakt forskjell.

Ein dobbel espresso derimot, med nok bitterheit, blir olympisk god saman med søtleiken og feittet frå kumjølk. Den lokale bakaren min kunne sikkert kjøpt seg ein Ferrari for dei pengane eg har brukt på dobbel kaffi latte gjennom åra. Det er i orden for meg. Det er større sannsyn for å døy av å køyre Ferrari enn av å drikke kaffi. Kaffiforskinga er forresten den mest komiske av alle: Annankvar dag er kaffi livstruande, neste dag gir han deg fem år ekstra levetid.

Kaffi er ein utmerkt smaksgivar til lammekjøt. I den neste lammegryta du lagar, ha i ein kopp espresso og ein bit 80 prosent sjokolade. Du vil ikkje angre. Bitterheit er ein god ting når det er mat det handlar om. Andre typar bitterheit finn du lettast i politiske sjølvbiografiar.

Før eg vart frelst på kaffi med mjølk, drakk eg det italienarane kallar americano: espresso blanda med litt kokheitt vatn. Ved eit av dei fyrste besøka i det som skulle bli stambaren min i Sør-Frankrike, tinga eg ein morgon ein dobbel americano. Servitør Yves himla litt med auga, men gjekk inn for å ordne tinginga. Ut kom han omsider med eit digert stettglas, fylt med like delar Campari og søt vermut, isbitar og appelsinskive. 15 euro. Ikkje det eg vanlegvis drikk om morgonen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement