Vintermunkar
Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.
Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.
Foto: Sveinung Lindaas
Solkvervsdag, mobilskjermen lyser opp. Det er ei melding frå Band, ein app som varslar når ein sjeldan fugl har blitt sett i området: Ein stad i nærleiken av Oslo har nokon møtt på ei hoe av munk.
Arten, som om våren er ein alminneleg hekkefugl, er nok ikkje vanleg i Noreg vinterstid, men nokre individ vert no sette årleg i det nordvestlege hjørnet av Europa.
Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket. Historia byrja alt på 1700-talet, då fuglekjennarar i Mellom-Europa la merke til at individ av ulike artar, blant anna munkar, som dei heldt i bur, vart urolege på visse tidspunkt av året. Det synte seg etter kvart at uroa kom samstundes som frie artsfrendar trekte bort. Ho greip altså individ som sjølve var blitt fødde i fangenskap og aldri hadde hatt høve til å flyge nokon stad.
Denne rastløysa heimsøkte dei helst om natta. Fenomenet fekk namnet trekkuro (Zugunruhe) og vart dokumentert med stor presisjon av austerrikske og tyske åtferdsforskarar på 1980- og 1990-talet. Det at fuglar som aldri hadde levd i det fri, kunne bli så urolege, skjelve, flakse og til slutt flyge med bremsene på, tydde på at tildrivet til å trekkje hadde feste i dei sjølve. Og det at dette i stor grad skjedde om nettene, bidrog til å avdekkje at trekket hjå songfuglar var ei stor nattleg hending.
«Fuglen munk er også ein framifrå songar.»
Det går ei usynleg line i nord–sør-retning gjennom Sentral-Europa. Ho deler munkane i to bestandar: Dei som hekkar på vestsida av henne, trekkjer sørvestover, medan dei som hekkar på austsida, ferdast søraustover. Tek ein ein vaksen fugl av kvart kjønn frå kvar side og får dei til å pare seg i fangenskap, vil avkommet syne tydelege teikn på at dei vil trekkje i ei retning som ligg mellom kursane foreldra følgjer.
Nokre av bestandane i Sør-Europa, i Nord-Afrika og på øyer i Atlanterhavet er stadbundne, medan bestandane som hekkar på store delar av kontinentet, på dei britiske øyane og i Norden, trekkjer. Dei fleste mot sørlegare strok, men sidan 1960-talet har munkar i aukande grad blitt sette på Dei britiske øyene om vinteren.
Fyrst på 2020-talet vart det mogleg å finne ut nøyaktig kvar nokre av desse britiske vintermunkane kom frå. Det synte seg at dei hadde trekt nordover frå spreidde stader på kontinentet: Munkar verkar med andre ord i stand til å utforske nye trekkruter overraskande fort.
Når det gjeld norske vintermunkar, kan ein del av dei vera individ som ikkje har reist. Ringmerking tyder også på at nokre sannsynlegvis har kome frå kontinentet.
Di meir overraskande er det at både retning, avstand og tildriv til å trekkje også har synt seg å vere arvelege i nettopp denne arten, med eit genetisk grunnlag. Ein hypotese er at desse individa av ein eller annan grunn tek feil av kursen dei skal følgje, men har flaks og hamnar i eit land der vintrane har vorte mildare enn før, og der stadig fleire menneske legg ut fuglemat i hagen.
På svensk heiter munken svarthätta, og i dei fleste språk viser namnet til den svarte kalotten hannen ber på toppen av hovudet. Kalotten til hoa og til ungfuglane er rustbrun. Det norske namnet synest å ha kome frå Tyskland. Der bar munkar ein gong i tida ofte svart hette på hovudet, og denne vesle songaren i familien Sylvia blei kalla Mönchsgrasmücke.
Kanskje er ikkje dette namnet så pussig, sjølv på 2020-talet? Ordet munk kjem frå gresk monakos, som tyder «einsam» eller «singulær». I fleire tradisjonar, ikkje minst dei mystiske, er munkar nettopp individ som utforskar nye område og utfordrar etablerte normer.
Hoa av munk har rustraud hovudtopp.
Foto: Stefan Berndtsoon / Wikimedia Commons
Fuglen munk er også ein framifrå songar. Charles Darwin nemnde han blant trekkfuglar der det fanst direkte bevis på at hannane kom fram til hekkeplassane før hoene. Denne skilnaden i timinga for framkomsten, det at desse fuglane song så fint, og at det fanst variasjon mellom individ når det galdt songen, tolka Darwin som eit klart døme på seksuell seleksjon: Hannar kom fyrst, etablerte eit revir og byrja å syngje slik at hoene kunne lytte og velje make på grunnlag av songen når dei sjølv var framme.
Det vert ofte fortalt at berre hannar syng hjå songfuglar som hekkar i Europa. Ein 1. april for ein del år sidan møtte eg på ei syngjande munkhoe i Lisboa. Det var ei nyleg oppdatert utgåve av ei tysk fuglebok som avslørte at det ikkje var ein spøk: I seinare tid har det vorte rapportert om eit aukande tal syngjande munkhoer. Dette er del av ei større omvelting der eit perspektivskifte frå ei eurosentrert tilnærming til fuglesong er med på å avdekkje at mange fuglehoer faktisk syng, verda rundt (men rett nok sjeldnare i vesle Europa enn på den sørlege halvkula).
Denne solkvervsdagen er eg i Frankrike. Eg har ikkje høve til å speide etter norske vintermunkar. På fransk radio sender dei ein ny dokumentarserie om fuglar, i ei tid då dei forsvinn: ei lovprising og ein elegi. Munkar er blant dei som førebels synest å greie seg fint. Sjå kor raskt dei er i stand til å utforske nye trekkruter og overvintringsområde. Men korleis andre prosessar vil spele inn, er uvisst.
Som hjå dei fleste fugleartane vert ungfuglane mata med insekt, og insektbestandane har i det siste stort sett gått ned. Om vinteren og hausten, derimot, et munkar bær, frukt og frø. I sendinga vert lyttaren kjend med to «fuglesongarar» frå Nordvest-Frankrike. Dei høyrer til ein av dei siste generasjonane med gutar frå rurale område som vart til menn i møte med fuglane, ved å lære seg å imitere songane deira. Dei fortel om munken, som dei er i stand til å etterlikne perfekt:
– Når du trer inn i reviret hans, byrjar munken å syngje ei lita setning. Så plystrar du nøyaktig same setning tilbake. Då reagerer han med å leggje til noko til songen og syngje med mykje meir lyd. Så ser du han klatre opp i treet og leite etter plassen med best akustikk. Dette held fram til dess han vinn songdysten.
Naïd Mubalegh
Naïd Mubalegh har bakgrunn i evolusjonsbiologi og arbeider som forskar, omsetjar og lærar.
naid.mubalegh@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.