Svermingstid for hjortelusfluga
Hjortelusflugene er spesialiserte parasittar som føder levande ungar og lever heile det vaksne livet nede i pelsen til elg, hjort og rådyr.
Foto via Wikimedia Commons
No er det svermingstid for hjortelusflugene, små insekt som er til stor plage for elg og andre hjortedyr i skogane på Austlandet. For elg med tusenvis av fluger som kryp rundt i pelsen og syg blod, kan det bli ein utriveleg vinter. Det kan òg sjå ut til at endra klima og varmare vêr stressar elgen og fører til meir parasittar og andre sjukdommar.
Insekt står for ein stor del av biodiversiteten på jorda, kanskje over halvparten av alle dyreartane vi kjenner til. Mange av insekta har spesialisert seg på å leve av andre dyr og er det vi kallar parasittar. Hjortelusfluga er eit slikt insekt, ei lita fluge (3–5 mm) som har spesialisert seg på å suge blod frå elg, hjort og rådyr. Flugene blei funne første gong i Noreg i 1983, men er no vanleg i store delar av Sør-Noreg.
Ei lang historie
Historia til hjortedyra og hjortelusfluga starta naturlegvis ikkje i 1983. I den siste delen av steinalderen, om lag 5000 år tilbake i tid, var det gode bestandar av elg, hjort og rådyr både i Skandinavia og i resten av Europa. Spora etter det er tydelege, med helleristningar av elg og fleire tusen år gamle fangstgroper i både Noreg og Sverige. Og der det er mange dyr, veit vi at det også finst parasittar.
Og prov på det blei overraskande nok funne i 1991, då det dukka opp eit nedfrose menneskelik i ein smeltande isbre på grensa mellom Italia og Austerrike. I ein kriminalserie ville dette vore ein skikkeleg «cold case», fordi mannen hadde vore daud temmeleg lenge, eller meir nøyaktig i 5200 år. Men nedfrysinga hadde også konservert både kropp, klede og utstyr, og av dei mange interessante funna arkeologane gjorde då dei fingranska skinna som var brukte til klede og utstyr, var restane av fire hjortelusfluger.
Mot slutten av steinalderen blei folk meir bufaste, og folketalet auka i Europa. Etter kvart førte jordbruk og husdyrhald til store endringar i naturen, våpena blei betre, og storviltjakta blei langt meir intensiv og effektiv. På byrjinga av 1800-talet var elg og andre hjortedyr nesten utrydda i størsteparten av Skandinavia.
Men med ny innvandring av dyr frå sør og aust, betre regulering av jakta, utrydding av dei store rovdyra og endra bruk av utmarka utover 1900-talet låg det til rette for ein ny kraftig vekst av bestandane av hjortevilt, både i storleik og i geografisk utstrekning. Og med det vaks også problema med sjukdommar og parasittar, som hjortelusfluga.
Luseplage
Det finst fleire typar lusfluger, alle er ganske kresne og spesialiserte i val av vert, som svalelusfluge, hestelusfluge, sauelusfluge (også kjend som sauekrabbe) og hjortelusfluge. Lusflugene, til skilnad frå fluger flest, føder levande larvar og lever heile eller delar av livet utan venger.
Holusene legg eitt egg om gongen, det blir klekt inne i «livmora», der spesialiserte kjertlar skil ut næring til larven. Dei nyfødde larvane er alt ferdig utvaksne og forpuppar seg raskt.
Sauelusfluga limar puppene fast til ulla, der dei blir klekte kort tid seinare. Hos dei andre lusflugene ramlar puppene av og blir liggjande i fuglereiret eller på skogbotnen gjennom vinteren og klekker ikkje før neste sommar.
Dei overvintra hjortelusflugene blir klekte akkurat no på seinsommaren, frå august til dei første frostnettene i oktober. I denne tida kan lufta bli fylt med svermande hjortelusfluger på leit etter ein ny vert, der vil dei kaste av seg vengene og bu i pelsen gjennom vinteren. Dei vaksne, vengelause flugene klip seg fast med dei kraftige klørne sine og syg blod for å skaffe mat til produksjon av nye larvar. Vaksne fluger lever i fleire månader og kan produsere opptil 30 larvar i løpet av vinteren.
I svermingstida kan lusflugene også lande på både hestar, hundar og folk. På framande vertar vil dei ikkje slå seg ned for godt, men stikka kan klø og irritere i lang tid, opptil eit år i dei verste tilfella.
Små fluger kan vere til stor irritasjon for skogens konge. Med varmare klima kan det også bli meir hjortelusfluger og andre parasittar.
Foto via Wikimedia Commons
Så får du lusfluger kravlande rundt innafor skjorta eller i hår og skjegg, kan det vere lurt å plukke dei av seg så fort som mogleg.
Klimaplage
Monarkiet er i motvind for tida, med god grunn, meiner mange. Men det som er meir urovekkjande, er at vi no ser fleire teikn til at skogens konge også har det tungt.
På Austlandet byrja det i sesongen 2006–2007 å dukke opp dyr nesten utan pels, det same skjedde på nytt i 2014–2015. På mange av dei sjuke dyra var det kraftige angrep av hjortelusfluger.
Noregsrekorden på ein elg skal vere 16.500 slike iltre småkryp.
Men halvnakne elgar har dukka opp også i Trøndelag og Finnmark, der det ikkje er hjortelusfluger, så flugene kan ikkje forklare heile problemet.
Dei siste åra har bestanden av hjort auka kraftig, medan talet på elg går jamt nedover i store delar av landet. Det blir fødd færre kalvar, vekta til både vaksne dyr og kalvar går nedover, og i fjor sommar blei det funne uvanleg mange sjuke og sjølvdaude elgkalvar. Forskarane meiner at endring i klima og vegetasjon kan vere blant årsakene til at kalvane magrast av og døyr.
På varme dagar vil dyra bruke meir tid på å kvile seg i skuggen og får dermed mindre tid til å beite. Tidleg vår og tørr forsommar kan gjere vårbeita dårlegare for kalvane, og varmare vêr kan føre til fleire hjortelusfluger, men også meir flått og flåttborne bakteriesjukdommar. Elgen er det største hjortedyret, og han er difor kanskje meir sårbar for høgare temperaturar enn dei mindre og lettare hjortane og rådyra.
Arve Nilsen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Una og Diddi er to storforelska studentar som må halde forholdet skjult, fordi Diddi alt har ein kjærast.
Foto: Arthaus
Gjennombrotet
Elín Hall herjar i dette vakre, velskrivne dramaet av Rúnar Rúnarsson.
Greil Marcus er musikkskribent og kulturanalytikar.
Foto: Thierry Arditti / Courtesy of Yale University Press
Kvifor Marcus skriv
Den nye boka til Greil Marcus er ein kamuflert sjølvbiografi.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Erling Kittelsen er blant dei mest mangsidige av norske poetar, skriv Jan Erik Vold.
Rondanecupen på Otta er ei bridgetevling stinn av tradisjon.
Foto: Otta bridgeklubb
«Det finst bridgespelarar i kvar ein avkrok.»
Jill Stein på eit valkampmøte i Dearborn i Michigan 6. oktober. I vippestaten Michigan fryktar demokratane at Stein skal ta mange røyster frå Harris.
Foto: Rebecca Cook / Reuters / NTB
Stein kan velte lasset
Jill Stein, kandidaten til Dei grøne, er valjokeren demokratane gjerne skulle vore forutan.