JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DyrFeature

Seglarane som aldri går i land

Tårnseglarar et, drikk, parar seg og søv på vengjene.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tårnseglaren drikk også helst medan han er på vengjene. Då flyg han tett på vassyta med ope nebb.

Foto: Sveinung Lindaas

5180
20240621
5180
20240621

Uiiiii uiiiiii – dei skarpe ropa teiknar lydliner på sommarhimmelen. Lyfter du hovudet, kan du sjå kven som lagar dei: små, svarte bogar som flyg kvikt over byen.

Tårnseglarane har kome frå vinterleirane sine. Trekket deira har lenge vore omkransa av uvisse. Det er først nyleg at studiar har byrja å avsløre kor bestandar som hekkar i Nord-Europa, dreg når dei kalde månadene rår over den nordlege halvkula.

Eit utbreitt mønster hjå trekkfuglar synest å vera «bukkehoppet». Det går ut på at bestandar som hekkar lengst nord, overvintrar lengst sør. Dermed følgjer dei fluktliner som «hoppar bukk» over trekkrutene til bestandar som held seg i sørlege delar av hekkeområdet – desse slår seg ned i nordlege delar av overvintringsområdet.

Historia er annleis hjå tårnseglaren, som har utvikla eit trekkmønster som liknar meir på ei kjede: Dei som hekkar sør i Europa, overvintrar som regel lenger sør i Afrika enn dei som hekkar i Norden. Faktorane som er med på å forme trekkruter over tid, er mange: tilgang på næring, konkurranse og fysiske skilnader mellom ulike bestandar, genetikk og ikkje minst tradisjon.

I dag verkar det som om tårnseglarar som hekkar i det sørlege Europa, trekkjer til det søraustlege Afrika i desember, medan individ som hekkar i Norden, held seg over tropisk Vest-Afrika, lenger nord og lenger vest. Når dette er sagt, så er tårnseglartrekket også særs dynamisk, for desse fuglane landar så å seie aldri utanfor hekkesesongen.

Dei lever det meste av livet på vengjene. På 2010-talet vart tårnseglarar som hekka i Sverige, utrusta med små sensorar. Desse måler blant anna akselerasjon, noko som skal gjere det mogleg å få vite i kor stor grad ein fugl har vore i stillstand. Dette krev at han vert fanga att i seinare år.

På småfuglar er det nemleg umogleg å bruke GPS-sporarar, av di dei veg for mykje. Det skulle syne seg, då nokre tårnseglarindivid kom attende, at dei hadde halde seg flygande i 99 prosent av tida i dei ti månadene som skil to hekkesesongar frå kvarandre. Ungfuglane, som ikkje hekkar før etter eit par år, kan flyge i fleire år på rad utan å lande.

Tårnseglarar et, drikk, parar seg og søv på vengjene. Men hekking krev framleis ein stad å slå seg ned og leggje egga, sjølv om reirmaterialet også vert samla i flukt. Opphavleg hekka tårnseglarar i naturlege holrom og sprekkar, til dømes i klippeveggar.

Arten har over tid tilpassa seg menneskelege byggverk, og er no avhengig av dei i hekkesesongen. Men dette tilhøvet synest å ha gått inn i ein ny epoke. No er det slik at menneske anten tettar passande holrom i bygningar eller riv det gamle og byggjer nytt. Dei nye bygningane er tettare og glattare, og av den grunn ugunstige for ein art som tårnseglaren.

I fleire europeiske land har det vore registrert kraftig nedgang i bestandane. I Noreg, til dømes, er arten rekna som nær truga. Tap av habitat verkar som den fremste årsaka, men det er sannsynleg at auka bruk av insektdrepande middel også spelar ei rolle i utviklinga. Tårnseglarar hekkar gjerne i eigna kasser, og det er mogleg å leggje til rette for det.

Med kløfta i halen og straumlineforma kropp liknar tårnseglaren på nokre svaleartar, men svaler og seglarar er ikkje i slekt. Tårnseglarar kan ofte verte sett flygande i grupper; då skrik dei gjerne òg. Kva denne sosiale framferda betyr, er ikkje heilt avklart, men det verkar som om skrika gjer at fuglane kjenner kvarandre att og kan halde kontakt i lufta.

Foto: Naïd Mubalegh

Dei er utprega insektetarar, og dei samlar insekt i flukt med gapande nebb. Hekkesesongen er kort. Størsteparten av individa kjem til Noreg i byrjinga av juni, og hausttrekket byrjar i september. Hoa legg som regel to–tre egg i eit holrom innreidd med kvistar og anna passande materiale, og egga vert ruga av begge foreldra, som arbeider skift, i cirka tre veker.

Tida frå klekking til flygedugleik kan variere mykje, mellom fem og åtte veker. Dette er eit anna særmerke ved tårnseglaren: Er maten knapp, går ungfuglane inn i ein slags dvaletilstand og kan overleve opptil ti dagar utan næring.

Det vitskaplege namnet til tårnseglaren, Apus apus, kjem frå gamalgresk a, «utan», og pous, «fot». Føtene hans, som han knapt brukar, er korte og nesten usynlege. Seglarar har mange fellestrekk med svaler, men dei to fuglefamiliane er på ingen måte i slekt.

Medan svaler er songfuglar i ordenen sporvefuglar, er seglarar i slekt med kolibriar. Seglarfamilien tel over hundre artar, der nokre trekkjer og andre er stadfaste. Utbreiingsområdet til tårnseglaren er stort og strekkjer seg over store delar av Eurasia, mellom Aust-Sibir i aust og den europeiske atlanterhavskysten i vest. Alle desse bestandane, også dei som hekkar i Kina, trekkjer til subtropisk Afrika om vinteren.

På nokre språk, til dømes fransk og spansk, viser namnet til forma kroppen dannar i flukt – grunntilstanden til denne fuglen – som vert samanlikna med ein hammar eller ein sigd. På persisk heiter dei «vindetarar».

På norsk eller tysk er det måten å flyge på som har sett sitt preg på namnet: Med straumlinjeforma kropp og lange, smale vengjer som gjer lynraske kursendringar mogleg, seglar dei faktisk på lufta og vinden. Tårnseglaren er den raskaste fuglen i vassrett flukt. Han kan nå opptil 112 km i timen. Og om natta stig dei med varme luftmassar opp til eit par kilometers høgd; det er der dei søv, langt over alle jordbundne farar...

Naïd Mubalegh har bakgrunn i evolusjonsbiologi og arbeider som forskar, omsetjar og lærar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis