JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DyrFeature

Møte med myrsongaren

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Biletet syner ein vaksen fugl som samlar næring til ungfuglar. Myrsongaren er ein insektetar. Utsjånaden er svært lik utsjånaden til fleire artar han er i slekt med, til dømes røyrsongaren. Hann og hoe er like, men i hekketida kan kjønnet verte bestemt om ein held dei i handa.

Foto: Naïd Mubalegh

6271
20240709
6271
20240709

Det finst eit eige omgrep i fuglemiljøa her nord: «nattsongartur». Då ferdast ein om natta og oppsøkjer stader der ein veit eller mistenkjer at «nattsongarar» vil røpe nærværet sitt. Nattsongarsesongen strekkjer seg frå slutten av mai til byrjinga av juli.

I dei mørkaste stundene i sommarnatta, når himmelen vert djup lilla og graset og lauvet olivengrønt, syng nokre trekkfuglar av full hals og vitlaust, verkar det som. Då kan dei yte dei galne songane sine og verte høyrde av artsfrendar, utan innblanding utanfrå – men menneskeskapt støy må dei rekna med, anten det er rutefly, brus frå ein motorveg, ein vill fest i ein hage eller dunkande bass frå ein bil.

Fuglen med det talande namnet nattergal er ein av desse nattsongarane. Men han er ikkje åleine. Ein annan virtuos i sommarnatta er myrsongaren.

Lytt her:

Sidan 2022, etter nokre forheksande nattsongarturar, har eg forska på ein liten bestand som hekkar i Bærumsmarka i Akershus. For å kunne følgje med på rørslene og handlingane til ulike individ som menneskeaugo ikkje kan skilje frå kvarandre, må ein nytte fargeringar.

Denne typen studium føreset at fuglane vert fanga og utstyrte med ein kombinasjon av ein metallring og éin til tre fargeringar, det heile fordelt mellom dei to beina. Kvar fugl får ein eigen kombinasjon, og det gjer det mogleg å kjenne dei att i felt, så lenge dei syner seg fram.

Klassisk ringmerking slik ho vert praktisert i dei fleste tilfella, på ornitologiske stasjonar til dømes, inneber at ein berre set på ein standardisert metallring med eit referansenummer. Alle norske data frå ringmerking vert registrerte hjå Ringmerkingssentralen ved Stavanger Museum.

Ringmerkaren har ansvar for å samle så mykje informasjon som mogleg om kvar fugl som vert fanga – aldersklasse, kjønn, vekt, feitt- og muskelmengd. Det er mykje ein ikkje får vete utan å halde fuglen i handa. Og sjølv mellom fingrane kan uvisse rå.

Den klassiske teknikken for å lokke fuglane til fangstnettet når ein jobbar med ein særskild art, er å spele av opptak av songen til denne arten. Håpet er at fuglane vert nyfikne eller opphissa, nærmar seg høgtalaren, som ligg strategisk plassert, og til slutt hamnar i maskene.

Det krev lang trening å ta dei ut av nettet på lempeleg vis, og ein må ha lisens for å kunne halde på med merking på eiga hand. Fuglen får ein ring eller fleire kring beina, vert granska og sleppt fri. Så kan det store puslespelet halde fram, der ein freistar å samle flest mogleg brikker for å setje saman eit heilskapsbilete av bestanden: kven som syng eller rugar når, kor mange og kven som kjem attende til same plass, og så vidare.

Å fange fuglar vert aldri nokon eksakt vitskap. Det er ikkje alle individ som lèt seg fange, same kor mange knep og timar ein brukar på å lokke dei til nettet. Slikt fører til hol i puslespelet. Men akkurat denne opplevinga, der fuglefangaren treng å få tak i ein bestemt fugl, høgst levande, utan å få det til, er av ein eigen type. Det utviklar seg eit asymmetrisk, men personleg tilhøve mellom dei to, og det er ei eggjande, verkjande erfaring, desto meir rik på inntrykk.

Ein vert faktisk kjend med desse fuglane som ikkje lèt seg fange. Med det som liknar på eit kjærleiksspel, opnar det seg også eit rom der ikkje alle ønske kan verte oppfylte, sjølv ikkje i vitskapens namn. Og frå dette rommet vert slagorda om det motsette, som reklamebransjen stadig kastar i hovudet på oss, stengde ute.

Men det er eitt trekk ved myrsongaren som stundom fører tanken attende til det moderne, overstimulerte mennesketilværet: måten han syng på. Songen hans er utelukkande samansett av etterlikningar av andre fuglar. Tempoet er skyhøgt og komposisjonsteknikken springande, zappande.

Dette noterte dei tyske pionerane innan etologi, Otto og Margrethe Heinroth, alt for hundre år sidan: I songen til myrsongaren, skriv dei, «vekslar låvesvale, tornirisk, linerle og mange fleire med kvarandre i ei fargerik blanding. Diverre vert dei enkelte songane for det meste ikkje fullførte, og berre framførte i brotstykke» (mi omsetjing).

Ein myrsongarhann i eit hekkeområde kan halde fram med den samansette songen sin, som kan romme hermingar av over hundre fugleartar, i timevis utan stans. I hekkeområda syng hoer som regel ikkje, men dei gjer det i overvintringsområda.

Det var fyrst i 1970-åra at ein belgisk ornitolog reiste til overvintringsområde i Zambia og kartla elementa i songen som det hittil hadde vore umogleg å identifisere. Det gjaldt omkring halvparten av dei. Alle var hermingar av afrikanske standfuglar.

På grunnlag av ein detaljert studie der ho nytta fargeringar, konkluderte ho med at unge myrsongarar ikkje lærer å syngje av vaksne, men at songen deira utviklar seg i møte med lydstimuli og inntrykk frå andre fuglar som dei vert utsette for gjennom det fyrste leveåret.

No er det tredje år på rad eg vitjar den vesle bestanden i Bærumsmarka. Ein stor del av dei som har slått seg ned for å hekke i år, har vore her før. Det røper ringane. Plassen er på ingen måte ei myr (namnet på fuglen er misvisande), men ei gjengrodd fylling med mykje brennesle, som gjev godt feste til reira. Der vert dei fletta som korger mellom stenglane.

Myrsongaren har ei todelt trekkrute, med lengre opphald på Afrikas horn før han held fram sørover, til Zambia, Mosambik eller det austlege Sør-Afrika. Noreg ligg i utkanten av hekkeområdet, som har sentrum i Sentral-Europa. Tur-retur er trekket 20.000 kilometer langt.

Eg skalv fyrste gong eg sette opp eit nett på eiga hand og fekk ein myrsongar i det – heldigvis ikkje så kraftig at eg ikkje klarte å ta han ut på skånsamt vis. Å halde i handa ein skapning på elleve gram som har floge så langt, vekkjer ærefrykt, og denne kjensla vert ikkje svakare med tida og røynsla, sjølv om eg ikkje skjelv så mykje lenger.

Når det gjeld ringane den lette kroppen vert utstyrt med, har forsking synt at dei korkje hindrar det lange trekket eller overlevingsevna. Det er alltid blanda kjensler som melder seg når eg set dei på, men med åra har det vorte klart at utan dei, og utan å bruke mykje tid ute, ville ein ikkje klart å skjøne kor rikt livet til desse fuglane er.

Naïd Mubalegh

Naïd Mubalegh har bakgrunn i evolusjonsbiologi og arbeider som forskar, omsetjar og lærar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis