JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DyrFeature

Dialektfuglen raudvengtrast

Sannsynet for at du møter på raudvengtrastar i år, er stort.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein del av den raude flekken raudvengtrasten ber under vengja, er synleg når han set stille. Han har også ei markert lys stripe over augo og er Noregs minste trast. Desse kjenneteikna skil han frå måltrasten, som han kan likne på.

Foto: Sveinung Lindaas

5687
20240524
5687
20240524

Dersom det finst éin songfugl folk i Noreg har uvanleg god føresetnad for å skjøne, så er det denne, tenkjer eg ofte: raudvengtrasten. Men det er nok ikkje den ein fyrst kjem på når det vert tale om trast, sjølv om han hekkar talrikt i landet. Blant trastane har svarttrast og måltrast fått større plass i fellesmedvitet.

Raudvengtrasten syng ikkje like påfallande fint i menneskeøyra, men han er ein utprega dialektfugl, og eg kan ikkje la vere å tenkje at mykje av den finurlege forskinga på arten, som hadde sitt høgdepunkt i 1970- og 1980-åra, berre kunne sjå dagens lys i dialektlandet Noreg. Og tru om 2020-åra kan danne utgangspunkt for nye innsikter i omfanget av målføra hjå raudvengtrasten?

Hekkeområdet til raudvengtrasten er nordisk, frå Island i vest til Nord-Sibir i aust. Om hausten dreg dei fleste individa sørover. Under trekket, som byrjar i september, flyg dei i dei mørke timane, ofte i lag med gråtrast og måltrast. Dei held kontakt med kvarandre med eigne trasterop – metalliske siiiiir-lydar som får nattehimmelen til å kime.

Overvintringsområda for raudvengtrasten inkluderer Dei britiske øyane, mykje av det europeiske kontinentet og ei smal stripe i Nordvest-Afrika.

Sjølv om han vert talrik om våren, er det lettare å overhøyre raudvengen enn svart- eller måltrasten, mellom anna av di han syng kortare og mykje meir stereotype songar: Eitt individ held seg som regel til éin kort melodi eller eit par melodiar gjennom heile hekkesesongen, og syng dette med mellomrom, med høgdepunkt i kveldinga og i daggryet.

Særleg tidleg i sesongen, ofte når hannar utfordrar kvarandre, vert denne strofa følgd av eit intenst og komplekst, men lågmælt «trasteskvalder». I Frankrike er raudvengtrasten eit vintersyn og såleis ein taus skikkelse. Dei fyrste vårane her nord lærte eg meg songen hans takk vere denne skildringa eg hadde lese ein stad: «Fuglen fortel ein vits (den stereotype strofa) og ler av han (det raske trasteskvalderet).» Snart skulle eg verte kjend med han som «fuglen med mange dialektar».

«Til og med menneskeøyra kan, med minimal trening, skilje mellom ulike raudvengmålføre.»

Hjå raudvengtrast syng individa i eit bestemt område ofte den same strofa. Men denne strofa er markant forskjellig frå strofa til individ som held til andre stader, også i nabolaget: Det treng ikkje vere noka form for fysisk avstand mellom to soner med svært ulike dialektar. Omgrepet «dialekt» i tilfellet fuglesong er vitskapleg, men har falle i god jord i dialektlandet Noreg.

Til og med menneskeøyra kan, med minimal trening, skilje mellom ulike raudvengmålføre. Så tydelege skilnader i songmønster gjer raudvengtrasten til eit ekstremt tilfelle. Nokre stader syng individa ei stigande rekkje med tonar, andre stader nedgåande, nokre syng med glatt, andre med røff røyst. Den finurlege forskinga utført på enkelte hekkeområde i Noreg i 1970- og 1980-åra, har vist at dialektformer hjå raudvengtrast kan vare ved over lang tid, men at nye songar også raskt kan oppstå gjennom kulturell evolusjon.

Denne vesle trastefuglen har fått namnet sitt på grunn av den raudlege flekken han ber på kvar flanke, under vengja.

Denne vesle trastefuglen har fått namnet sitt på grunn av den raudlege flekken han ber på kvar flanke, under vengja.

Foto: Sveinung Lindaas

Sannsynet for at du møter på raudvengtrastar i år, er stort. Dei hekkar i låglandet så vel som i fjellbjørkeskogane, i bustadstrok så vel som i villmarksområde. Denne vesle trastefuglen har fått namnet sitt på grunn av den raudlege flekken han ber på kvar flanke, under vengja. Kjønna ser like ut, men det er mest hannar som syng – sjølv om det ikkje har vorte nøye undersøkt om hoer gjer det. Kven veit? Det er trass alt mykje vi ikkje veit om raudvengtrasten.

For kort tid sidan høyrde eg eit opptak som var gjort av nokon som skulle ta opp songen til ein raudvengtrast, og møtte ein mann på sin lyttande veg. Sidan mannen og fuglen tala og song oppi kvarandre, vart det naudsynt å ta med mannen òg for å få med raudvengtrasten. I opptaket kunne eg høyre han fortelje at han hadde lese ein stad at dialektar hjå fuglar medverka til å førebyggje innavl. Så tok han avskjed.

Han tek ikkje feil, men den motsette teorien har òg gjort seg gjeldande: Eit signal som røper fødestad for artsfrendar, kan i prinsippet føre til at par heller vert danna mellom individ som høyrer til same bestand. Dette kan vera gunstig dersom levekår er markant ulike frå stad til stad og krev spesielle lokale tilpassingar.

Men det kan òg vera at dialektar ikkje fyller nokon funksjon og er ein konsekvens av måten desse fuglane lærer seg å syngje på. Lista med hypotesar er lang, og det er ikkje opplagt kva som gjeld hjå raudvengtrast.

Forskinga utført i 1970- og 1980-åra synte også at ungfuglar av raudvengtrast på klassisk vis lærer å syngje av far sin. Men nokre fedrar held seg stille etter klekkinga: Då kan ungane lære nabodialekten om reiret er bygd nær ei dialektgrense. Attpåtil verkar det som unge hannar som freistar å hekke for fyrste gong, kan lære seg den lokale målforma om dei slår seg ned ein annan plass enn der dei vart fødde.

Og under trekket samlar fuglar frå ulike hekkeplassar seg. Det kan ein merke i Noreg når det vårast: Plutseleg sit tre–fire raudvengtrastar med ulike dialektar i same skogholt. Vi står med andre ord overfor eit komplekst og dynamisk system, der lokale målføre vert haldne ved like over tid, sjølv om fuglane trekkjer, teier stilt om vinteren og kan hekke ein annan stad enn der dei sjølve vart fødde.

Neste gong du treffer på ein syngjande raudvengtrast, kan du ta fram mobilen eller mikrofonen og ta han opp: BirdLife Noreg har i år sett i gang eit stort kartleggingsprosjekt av raudvengmålføra, der alle i dialektlandet kan bidra.

Naïd Mubalegh

naid.mubalegh@gmail.com

BirdLife Noreg legg fram innsamlings-/kartlegginsprosjekt, sjå her.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis