Dylan-plater som romsterer i hovudet

Ingen annan artist i vår tid har hatt så mykje å seia for så mange over så lang tid som Bob Dylan. Det reknar eg som eit faktum. Men kva har han tydd? Kva slags tyding har han hatt for så mange over så lang tid? Kva slags verknad har denne kompro­­miss­­­lause og merkelege kunstnaren hatt på oss?

Publisert Sist oppdatert

1. Bob Dylan (1962)

Debutplata til Bob Dylan, som inneheld berre to sjølvkomponerte songar, selde mindre enn 5000 eksemplar det første året – altfor lite for eit stort plateselskap som Columbia. Fleire ville droppa den unge artisten, men veteranen Johnny Cash, som var på same selskap, meinte han burde få ein sjanse til, og det fekk han. Den viktigaste songen på albumet er «Song to Woody», ei hyllest til Dylans store helt, Woody Guthrie.

2. The Freewheelin’ Bob Dylan (1963)

På andre forsøk slår låtskrivaren til med «Blowin’ In The Wind», som blei ein klassikar på ein augneblink, men heile fem av songane på plata høyrer til blant Dylans beste. Mest imponerande er den apokalyptiske visjonen «A Hard Rain’s A-Gonna Fall», som tek songpoesien til eit heilt nytt nivå. Patti Smith framførte nettopp denne songen då Dylan fekk Nobelprisen i litteratur i 2016.

3. The Times They Are A-Changin’ (1964)

Ei politisk plate som gjorde Dylan til ein profet for borgarrettsrørsla i USA. Med protestsongar som «Times They Are A-Changin’» og «With God On Our Side» såg mange for seg at dei skulle vinna kampen for eit anna USA med Dylan som leiestjerne. Men Dylan var ikkje interessert i nokon profetstatus. Den siste songen på plata, «Restless Farwell», peikar mot ei ny retning for den rastlause kunstnaren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement