Dramatikk på stølenBrått vart idyllen snudd til sjukdom og fare for livet til Symra.«Det var då merkeleg kor livlaus Symra ligg. Det er varmt, men dette har eg aldri sett før. At ho ligg på denne måten, heilt utslått.» Eg småspring ned til henne. Magen hen

Brått vart idyllen snudd til sjukdom og fare for livet til Symra.

Hilde Lussand Selheim og Lars Selheim gjorde det dei kunne for å berga Symra. Det såg ei stund stygt ut, men dei klarte det. I dag er Symra frisk og rask på heimegarden.
Hilde Lussand Selheim og Lars Selheim gjorde det dei kunne for å berga Symra. Det såg ei stund stygt ut, men dei klarte det. I dag er Symra frisk og rask på heimegarden.
Publisert

«Det var då merkeleg kor livlaus Symra ligg. Det er varmt, men dette har eg aldri sett før. At ho ligg på denne måten, heilt utslått.» Eg småspring ned til henne. Magen hennar er som ein ballong, og auga er sløve og slappe. Det verkar kritisk. Er ho i ferd med å døy?

Det er i slutten av juni. Vi er i gang med femte året på Dag og Tid-stølen. Alt er berre velstand. Kyrne, som vi kjøpte som kalvar for to år sidan, er i gang med mjølkinga og går fint inn i fjøset morgon og kveld.

Grisungane er nyfikne og artige som aldri før. Vêret er varmt, og kalvane er den store attraksjonen: Symra, fødd 11. juni, og Vårsøg, fødd 4. juni. Med rett skulle kalven Aasmund vore med, men som oksekalv vart han bytt ut med Vårsøg. Oksekalvane vert slakta etter vel eit år. Så då er det betre å ta med ein kukalv på stølen – som vonleg skal verta mjølkeku her om nokre år.

For nye lesarar driv altså Dag og Tid støl om sommaren, med to kyr og to griser. Kyrne går på garden Selheim om vinteren. Grisungane kjøper vi nye kvart år frå same garden. Vi mjølkar, lagar ost og gjev mysa til grisene. Grisekjøtet vert noko av det beste grisekjøtet som er å oppdriva. Og i år har vi altså òg med to nyfødde kalvar.

Kalvane er inne i kalvebingen om natta og går ute om dagen. Dei skulle sjølvsagt fått suga mjølk av mora, men mjølka skal gå til ystinga. Dei er difor skilde frå mora. Kalvane får mjølkeerstatning – eit mjølkepulver blanda ut med lunka vatn. To liter kvar, som dei syg i seg gjennom ein smokk tre gonger om dagen. Helst skulle dei fått heilmjølk, men då blir det for lite mjølk att til ystinga. Heilmjølk skal kalvane som vert fødde neste år, få. Då er kyrne eldre og vil mjølka meir.

Kalvane på stølen ser ut til å lika seg. Auga er kvikke, pelsen fin, dei leikar og kjem når dei skjønar at det er mjølk på gang. Samstundes ligg dei mykje i ro, noko som tyder på at dei trivst. Den fyrste månaden ligg dei ofte 15 timar i døgeret.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement