Kunnskap

Døyr fe, døyr frendar

Mange fisk døyr på grunn av lakselus og lusebehandling.
Mange fisk døyr på grunn av lakselus og lusebehandling.
Publisert

I norske fiskeoppdrettsanlegg blir det kvart år sett ut om lag 300 millionar laks og aure, og kvart år døyr vel 50 millionar av desse før dei har vorte store nok til å bli slakta. I tillegg kjem dei mange millionane reinsefisk som døyr eller forsvinn frå merdane. Vi veit for lite om kvifor all denne fisken døyr, og berre å vite kor mange som døyr, gjev oss ikkje nokon presis informasjon om fiskehelse og fiskevelferd.

I Håvamål kan vi lese visdomsord og formaningar frå norrøn tid, ei av mine favorittstrofer er denne: «Døyr fe; døyr frendar; døyr sjølv det same. Eg veit eitt som aldri døyr, dom um daudan kvar.»

Det å bry seg om husdyra sine er med andre ord ikkje ei ny oppfinning. Og det har til alle tider vore ei trøyst å innsjå at vi alle skal døy, men innan det skjer, meiner eg vi har plikt til å gjere ein større innsats for husdyra våre, fisken inkludert.

Ei våt grav

I dei beste oppdrettsanlegga døyr mindre enn 5 prosent av laksen i løpet av heile levetida i merdane, men i dei hardast råka anlegga kan det vere like mange som døyr på berre éin månad. Ved alvorlege sjukdommar eller miljøproblem (som algar) kan størsteparten av all fisken på ein lokalitet stryke med på kort tid.

Regelverket krev at alle anlegg skal ha regelbunde tilsyn av ei fiskehelseteneste, og då blir daudfisken som regel grundig kontrollert. Dersom unormalt mange fisk døyr, skal det alltid takast ut prøver for å finne årsaka, og det er viktig å finne ut om det kan kome av ein alvorleg smittsam sjukdom som skal meldast til Mattilsynet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement