Kunnskap
Døgnvill
Det er den tida på året, siste helga i oktober skulle vi skru klokka ein time fram – eller var det andre vegen?
Katten er blant sjusovarane i dyreriket, med inntil 20 timar søvn i døgnet.
Foto: Umberto / Wikimedia Commons
I den gamle, analoge tida måtte vi aktivt tenkje over slikt. No er sommartida digitalt definert i tidsminnet til mobilen og alle andre datamaskinar vi har sett til å organisere livet vårt. Sjølv om stadig meir blir viseleg styrt av teknologien rundt oss, er det mange menneske som blir litt døgnville når sol og klokke skal gå kvar sin veg ein søndag seint i oktober. Kva veit vi så om dyra og søvnbehovet deira?
Søvnlause sauar?
Alle husdyra våre har i alle fall ein klårt definert døgnrytme. Kyr, sauar og geiter er aktive om dagen, med ein timeplan tilpassa beiting og drøvtygging. Når dei er på beite, står dei som regel svært tidleg opp saman med dei andre i flokken, strekkjer litt på seg, gjer morgontoalettet og går rett i gang med dagens jobb: å ete. Etter nokre få timar finn dei seg ein høveleg stad for å ligge og kvile medan dei drøvtyggjer og slumrar litt, så er det ei ny økt med beiting før det blir kveld, og dei legg seg for natta.
Ein vaksen sau som står inne i fjøset utan å bli forstyrra, vil sove fire timar i døgnet, sau ute på beite vil sove litt mindre. For vaksne drøvtyggarar er det ikkje mogleg å sove djupt særleg lenge på grunn av den store gassproduksjonen i vomma. Gassen må dei rape ut, og for ikkje å døy av trommesjuke må dei halde seg vakne med kroppen i nokolunde oppreist posisjon. Små lam drikk mjølk, og inntil dei har utvikla evna til å ete og fordøye gras, kan dei sove meir og djupare enn mora. Men kva dei gjer, sauane som ikkje får sove, er uvisst. Kan hende ser dei for seg store, søvndyssande beitemarker utan irriterande gjerde som dei må hoppe over.
Tilpassing til menneska
Når det gjeld grisar, er det påfallande at villsvin i stor grad er nattaktive dyr, medan dei tamme grisane er tilpassa livet på garden, med søvn om natta og eting og annan aktivitet i dagslys. At villsvina har snudd opp ned på døgnet og er mest aktive på den mørkaste og kaldaste tida av døgnet, er truleg ei tilpassing til klimaet, der dei vil ha eit behageleg liv med minst mogleg varmestress.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.