Dobbeltagenten frå Pommern Presten Johannes Bugenhagen omsette Bibelen til lågtysk og høgtysk på same tid, og gav lågtysk ein sving oppover.
Presten Johannes Bugenhagen omsette Bibelen til lågtysk og høgtysk på same tid, og gav lågtysk ein sving oppover.
Johannes Bugenhagen, måla av Lucas Cranach den eldre i 1537. Luther var bufast i Wittenberg, medan Bugenhagen reiste frå stad til stad som reformasjonens utanriksminister – Braunschweig, Hamburg, Lübeck, Treptow, København.
Grunnlagd i 1143 fekk Lübeck mange tilflyttarar som forma eit lågtysk språk ut frå sorbisk og andre talemål der omkring. Dette språket blei i hansaperioden eit lingua franca i heile Austersjø-området. På same tid utvikla det økonomiske maktsenteret Lübeck og hansaforbundet eit hansaspråk som var i bruk berre skriftleg.
Ein av dei mest undervurderte i reformasjonshistoria er lågtyske Johannes Bugenhagen. Han var fødd i 1485 i Wolin i Pommern, på den polske sida av dagens grense til Tyskland. Etter skulegang i heimbyen, studiar i Greifswald og år som rektor blei 38 år gamle Bugenhagen prest i Wittenberg bykyrkje i 1523. Martin Luther hadde tilrådd han; mannen frå Pommern var alt teken inn i Luthers inste sirkel.
Bugenhagens rolle i bibelomsetjinga 1523–1534 var å ta seg av Salmane og sjå teksten med prestens praktiske blikk. Samstundes heldt han nær kontakt med dei lågtyske områda i nord og fekk tilnamnet «Der Reformator aus Norden». Frå hans hand kom kyrkjeordningar på lågtysk for Braunschweig i 1528, Hamburg i 1529, Lübeck i 1531, Pommern i 1535, og på latin for Danmark-Noreg i 1537.
Språkleg var han ein dobbeltagent. Han nøgde seg ikkje med å arbeide dagstøtt med Luthers omsetjing av Bibelen til høgtysk. Samstundes, utruleg nok, tok Bugenhagen ei sentral rolle i sluttføringa av ei omsetjing til lågtysk. De Biblie var ferdig trykt 1. april 1534, eit halvt år før heile Luther-Bibelen låg føre. For Bugenhagen var det om å gjere at mest mogleg av Luthers omsetjing blei med over i det lågtyske, og i forordet skreiv han at verket burde ha vore kalla Luther-Bibelen.
Luther var ikkje den første som omsette Bibelen til høgtysk, og Bugenhagen ikkje den første lågtyske omsetjaren. Ein lågtysk Bibel var trykt i Köln 1480, berre 14 år etter den første tyske i det heile, ein annan i Lübeck i 1494, og Nytestamentet i Hamburg i 1523.
For lågtysk heldt det i hundre år. Den enorme utbreiinga av Den heilage skrifta på høgtysk svekte bruken av lågtysk kraftig. I 1621 blei den siste utgåva av Bibelen på lågtysk trykt, og dei neste hundreåra var skriftfestinga av lågtysk svak. Den siste, reviderte utgåva av Bugenhagen-Bibelen kom ut i 1885.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.