Litteratur

Diktar, lærar og stamkunde

BERGEN: Han vil ikkje slakte heilage kyr, men forfattaren og den ny læraren på Skrivekunstakademiet i Bergen, Erlend O. Nødtvedt, seier han ikkje tek på dei med silkehanskar.

Erlend O. Nødtvedt er forfattar frå Bergen. Denne hausten er han tilsett som lærar på Skrivekunstakademiet i Bergen, der han sjølv studerte for 18 år sidan. Foto: Peder Skjelten
Erlend O. Nødtvedt er forfattar frå Bergen. Denne hausten er han tilsett som lærar på Skrivekunstakademiet i Bergen, der han sjølv studerte for 18 år sidan. Foto: Peder Skjelten
Publisert Sist oppdatert

– Eg fekk smake både salt og søtt for det eg skreiv då eg gjekk på Skrivekunstakademiet. Nokre fortente slakt heng i, men eg fekk ei stadfesting av at eg kanskje hadde noko å fare med, seier Erlend O. Nødtvedt.

Eg har møtt han på stamkafeen hans i Sandviken i Bergen. Eg har reist til byen, har aldri budd her, og eg har sagt på førehand at eg skal unngå bergenske klisjear om vêret og den forfengelege og ironiske befolkninga i intervjuet. Men byen gjer det ikkje lett for seg sjølv. Det har regna heilt sidan eg kom hit, og den unge baristaen i kafeen har tatovert «Mor» i eit hjarte på bicepsen.

Vi snakkar om Skrivekunstakademiet i Bergen, og forteljinga om Karl Ove Knausgård som var elev der og fekk ein sjølvtillitsknekk då han blei slakta av læraren sin, Jon Fosse, for eit dikt han hadde skrive. Nødtvedt hadde ikkje same opplevinga då han var student som 22-åring i 2006.

– Eg var ung, men eg hadde bestemt meg for å satse på skrivinga, og det var naturleg for meg å studere på Skrivekunstakademiet. Alt var spennande og nytt, men eg var motivert og debuterte året etter at eg gjekk der.

Forfattarmiljø

Viktigast av alt var å kome inn i eit miljø av andre skrivande og å møte gjesteforelesarane som kom til skulen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement