¿ Det var ein gong ein skrivar

GARDBERG: Her hadde eg stogga same kva, på grunn av utsynet til fjellheimen, men eg kom hit for å sjå runesteinen.

Einangsteinen frå 300-talet på Gardberg i Vestre Slidre med utsyn mot fjellheimen. Men så attgrodd har det vel ikkje vore sidan hundreåret etter svartedauden.
Einangsteinen frå 300-talet på Gardberg i Vestre Slidre med utsyn mot fjellheimen. Men så attgrodd har det vel ikkje vore sidan hundreåret etter svartedauden. Einangsteinen frå 300-talet på Gardberg i Vestre Slidre med utsyn mot fjellheimen. Men så attgrodd har det vel ikkje vore sidan hundreåret etter svartedauden.
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

Det var ein gong for lenge sidan ein skrivar som klauv dei bratte bakkane mot Gardberg, øvst i fjellet på austsida av Slidrefjorden. Kven var skrivaren? Truleg ein kar, for han lét etter seg eit namn som vert lese som eit mannsnamn.

Om han var valdris eller ikkje, er uvisst, men den uvanlege skrivekunna hadde han nok med seg langvegsfrå. Han kan ha vore ein som vende heim etter år ute, men ikkje etter altfor mange år, han var nok ikkje gamal, han tok seg fram 800 meter over havet.

Fjellvegen

Truleg var det om sumaren han kom. Vinterstid fór ein på islagde fjordar i dalbotnen, der det var tungt å fara elles i året, før bruene, med vadestader, myr og elvestryk, fleire då enn før oppdemmingane i nyare tid. Stig gjekk mellom gardar, og dei låg høgare i eldgamal tid. «Før det vart hjulvegar», fortel Valdres bygdebok IV (1954), «kløvja dei varone etter ride- og gangvegar, som mest gjekk etter åsdragi, for der var det mindre skog, urd og myr som gjorde samferdsla trevaleg.»

Om ein dreiv støling så tidleg, var stølane endå ein grunn. Gardsfolk fylgde feet på nærast nomadisk vis, frå garden til heimstølen, frå midtstølen til fjernstølen, og den øvste, fjellstølen, som med kvart vart husmannsplass.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement