Teknologi
Det prellar av
Ball-og-pinne-modell av PTFE. Fargekode: karbon (C) grå; fluor (F) gulgrøn. Struktur fastsett med røntgenkrystallografi.
Kjelde: Wikipedia
Eg elskar å laga mat. Oppvask, derimot, er ikkje like gildt. Det har eg løyst med teflonpanner og -kjelar. I dei heng ingen ting fast. Eg har sjølvsagt undra meg på korleis det kan ha seg at ingen ting festar seg på teflonen når han festar seg så godt på panna.
Svaret finn eg i eit gamalt Scientific American. Teflon er eit varemerke til kjemiselskapet DuPont. Det er eit plastmateriale laga av polytetrafluoreten (PTFE). Fluoratoma avviser nesten alle andre stoff og hindrar at dei hengjer seg på.
For å få PTFE til henga på panna kan ein bruka ulike metodar. Ein metode er å bombardera sida av PTFE-en inn mot panna med ion som vert akselererte i eit vakuumkammer med eit sterkt elektrisk felt. Då vert mange fluoratom slått vekk og kan bytast ut med oksygenatom som hengjer seg lett på yter. Ein annan metode er anten å sandblåsa panna eller å handsama ho kjemisk med syrer for å gjera ho mikroskopisk ujamn. Deretter vert PTFE pressa på panna.
Historia bak teflon er interessant. Roy J. Plunkett i DuPont forska i 1938 på om tetrafluoretengass (TFE) kunne brukast som kjølevæske i kjøleskåp. Han hadde gassen på behaldarar og brukte vekta deira for å finna ut kor mykje gass det var att. Ein dag oppdaga han at det ikkje kom meir gass ut av ein behaldar sjølv om vekta tilsa noko anna.
Han vart forviten og skar behaldaren i to. Inni fann han eit kvitt belegg. Noko av TFE-gassen hadde reagert med jarnet i behaldaren som katalysator, polymerisert seg til store molekyl i lange lenkjer og vorte til eit kvitt pulver (PTFE) med vedunderlege eigenskapar. Dette er eit klassisk døme på serendipitet, eller flaks på godt norsk. PTFE er lite reaktivt, har låg friksjon og stor overflatespenning, slik at ingenting festar seg. I tillegg er det vanskeleg å bryta ned, og det varer nærast evig.
Korleis lagar ein PTFE? Ein startar med metan og klor og lagar kloroform. Kloroformen vert kjemisk blanda med hydrogenfluorid, slik at ein får klordifluormetan. Klordifluormetanet vert så varma opp utan tilgang til oksygen, pyrolyse, og vert til TFE. Sidan TFE er særs eksplosiv, må han kjølast raskt ned og polymerast til PTFE med ein gong.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.